Lågare miljøkrav til mindre selskap?

392

Salmon Group har fleire gongar blitt møtt med påstanden om at dei mindre lakseprodusentane ikkje klarer å leve opp til dei same miljøkrava som dei større. Dette må vi klare opp i, skriv Øyvind Kråkås i Salmon Group.

Alle selskap som drive fiskeoppdrett i Noreg er underlagt det same lovverket for miljøomsyn. Der finst ingen statistikk som syner at mindre aktørar er mindre i stand til å fylgje dette lovverket enn dei større. Dette er heller ikkje vårt inntrykk.

Dei viktigaste mijøfaktorane i oppdrett er fiskehelse, utsleppskontroll og rømmingsførebygging. Salmon Group har tidlegare lansert Firkløveret for betre miljø. Dei fire nøkkelfaktorane vi framhevar er:

– God smoltkvalitet. Dette vil betre dyrevelferda gjennom lågare svinn i sjøfasen. Dårleg eigna smolt døyr tidleg i sjøen, eller blir gåande som smittebærarar i anlegga. På Færøyane er dette ein av nøkkelfaktorane til lågare dødelegheit i sjø.

– Godt fôr. Fisken blir det han et, og han treng eit godt og riktig fôr for å oppretthalde god motstand mot sjukdom og lusepåslag. Salmon Group har vår eigen fôrresept for å gjere fisken robust og av god kvalitet.

– Rett mengde fisk i merdane. Salmon Group har lenge hevda at for store oppkonsentrasjonar av biomasse er uheldig for miljøtilstanden både i og rundt merdane. Spesielt vil ein merke dette ved låge oksygennivå i sjøen eller ved handtering av fisk/nøter. På stor fisk er det handtering som forårsakar det største tapet.

– God røkting av fisken. Fisken er eit husdyr som treng ettersyn og stell. Moderne utstyr har gjort tilsynet med fisken og fôringa enklare, men ein treng likevel kompetent personale som veit kva dei ser etter og korleis ein reagerer på endringar i vassmiljø og tilstanden til fisken. Ved å tolke observasjonar rett, kan ein unngå mange uheldige situasjonar. Godt tilsyn med utstyr og anlegg sikrar vernet mot røming. Salmon Group har sitt eige internkontrollsystem som hjelper oppdrettarane med å overhalde prosedyrar og fylgje opp eventuelle avvik.

I tillegg til desse fire hovudområda, er det viktig at ein disponerar det rette utstyret til å gjennomføre arbeidsoppgåver på ein fullgod måte. Her har det blitt, og blir stadig investert mykje rundt om i nettverket. Vi tek og eit ansvar i høve til å sikre kompetansen til dei som skal bruke utstyret. Det pågår i desse dagar kurs for førarar av arbeidsbåtar.

I tillegg blir der drive teknologiutvikling som styrkjer miljøarbeidet i næringa. Prosjektet Integrert Akvakultur er eit døme på dette. Her ynskjer ein å styrke vernet mot lus og nyttegjere seg av næringssalt gjennom eit økosystembasert havbruk. Andre prosjekt satsar på lukka system på sjø eller land, impregneringsfrie nøter, leppefisk etc. Gjennom initiativet Marint Vekstforum, ynskjer Salmon Group å stimulere til fleire miljøprosjekt i næringa.