Fiskeridirektoratet har ikkje innvendingar til at SalMar får dispensasjon for lakseoppdrett ved Haggardsneset på Sunnmøre. Men Hareid formannskap vender tommelen ned.
Direktoratet skriv i sin høyringsuttale at dei, utifrå dei opplysningane som ligg føre, ikkje kan sjå at innvilging av den omsøkte dispensasjonen vil vere i strid med kjende og registrerte fiskeriinteresser eller marint biologisk mangfald i området. Det skriv Vikebladet.
Men direktoratet poengterer at dei er generelt opptekne av at avlusingsmidlar som inneheld “kitinhemmarar” blir nytta med aktsemd, særleg i område med verdfulle forekomstar av reke, kreps, krabbe og hummar.
“Fiskeridirektoratet er generelt innstilt på at nye akvakulturlokaliteter skal kunne omsøkes på egnede steder som ikke vil komme i konflikt med eller berøre fiskeriinteressene, eller det marine mangfoldet.
Ut fra vedlagt søknad og kartmateriell vil planlagt anlegg med fortøyingsliner og ankerpunkt ikke komme i konflikt med kjente fiskeriinteresser, eller kjent marint biologisk mangfold i området.
Fiskeridirektoratet region Møre og Romsdal har ut over dette ingen merknader til den omsøkte dispensasjonen.”
Hareid formannskap var derimot negative til laks ved Haggardsneset i møtet måndag denne veka. Eit fleirtal på 5 (mot 2) gjekk inn for å avvise Salmar sin dispensasjonssøknad utanfor Haggardsneset i Almestranda, skriv Vikebladet.
Fleirtalet stemte for eit framlegg frå Dag Audun Eliassen (Folkelista), som hadde denne ordlyden: «Formannskapet innstiller negativt til den aktuelle søknaden. Dette med bakgrunn i at lakseoppdrett er meir intensivt enn torskeopprett og vil difor kunne auke dei ulempene dette medfører for fastbuande og hytteeigarar i området.»