Sogn og Fjordane har fått eit stort innsig av lakselus dei siste vekene. På grunn av krav om maks 0,5 lus per fisk må ein lusebehandle oftare enn kva godt er, meiner Solveig Willis i Salmon Group.
– Vi fekk eit stort innsig av lakselus som har angripe fisken, og difor har vi no måtta setje i gang ein ikkje planlagt fellesbehandling av laks, seier nettverkskoordinator i Salmon Group, Solveig Willis, til Firdaposten.
Ho legg ikkje skjul på at situasjonen er frustrerande, ikkje minst sidan oppdrettsnæringa sjølv meiner nye statlege forskrifter er med på å vanskeleggjere situasjonen:
– Kravet om maks 0,5 lus per fisk gjeld heile året. Det meiner vi er feil. Det er om våren, når utvandringsklar smolt av villaks skal ut i havet, at vi har dei kritiske periodane for villaksen. Då må lusetalet på oppdrettslaksen vere lågt. No endar vi i staden med å måtte lusebehandle oftare enn kva godt er, meiner Willis.
Det store skrekkscenariet for næringa er at hyppig lusebehandling vil føre til at lusa vert resistent mot dei avlusningsmidla ein rår over. Og då kan ein fort misse kontrollen.
– I dag har vi i praksis tre effektive midlar til lusebekjemping. To av dei er i bruk i dag; det tredje har vi for tida «kvilande», noko som er viktig for å forhindre resistens. Men i fleire område i landet er lakselusa allereie blitt resistent mot to av desse verkemiddela. Heldigvis gjeld ikkje det i Sogn og Fjordane, men det seier noko om alvoret i stoda, forklarar Willis.