Offensiv i vinterens torskefiske

581

Med alle rykta om ulovlege landingar og juks med seddelføring i vinter friskt i minne, set Fiskeridirektoratet no i gang ein offensiv før vinterens torskefiske kjem i gang.

Det går no ut eit informasjonsskriv til fiskekjøparar og produsentar langs kysten med tydeleg informasjon om rutinar i samband med landing og veging av fangst. I skrivet blir det spesielt gjort merksam på tre områder som Fiskeridirektoratet vil at kjøparane og produsentane skal merke seg:

  1. Plikt til å samarbeide og tilrettelegge ved kontroll
  2. Krav om korrekt føring av fangst på landings- og sluttseddel
  3. Krav om bruk av eigna og godkjende vekter

I tillegg vil Fiskeridirektoratet møte næringane direkte for å skape dialog om dei utfordringane eit intensivt torskefiske kan føre med seg.

Alt tysdag 19. november inviterer Fiskeridirektoratet næringsaktørar til dialogmøte i Tromsø.

– Vi har tru på dialog som verkemiddel for å redusere risikoen for uregelmessigheiter. Vi har derfor bestemt at vi skal ha seks dialogmøter i vinter, tre i desember og tre i januar for å utveksle synspunkter. Etter at vi har hatt møte i Tromsø tysdag, har vi tilsvarande dei to neste dagane på henholdsvis Myre og Leknes, seier seksjonssjef Thord Monsen ved Kontrollseksjonen i Fiskeridirektoratet.

I januar blir det tilsvarande møter i Båtsfjord, Hammerfest og Rørvik.

Saman med tilrådingar og oppfølging frå arbeidsgruppa som for kort tid sidan la fram forslag til tiltak for å redusere ulovlegheiter, satsar Fiskeridirektoratet på at dei ulike delene av ein torskeoffensiv skal ha positiv effekt.

– Greier vi i samarbeid med næringa å redusere uregelmessigheiter vil det føre til eit betre omdømme for alle partar, seier Monsen.