Prosjektet Integrert Akvakultur drive banebrytande utviklingsarbeid innforbi dyrking av tare. No har ein gått i samarbeid med studentar ved Teknisk Fagskule i Bergen for å hente kunnskap om dyrkings- og haustingsteknologi.
Ei gruppe med andreårsstudentar ved fagskulen kontakta Salmon Group fordi dei ynskte å lage prosjektoppgåva si kring dyrking av tare. Integrert Akvakultur er eit samarbeidsprosjekt som har jobba i fire år med å utvikle kommersiell taredyrking i nærleiken av oppdrettsanlegg. Partnarane i prsojektet er Sulefisk, Hortimare og Salmon Group. Det skriv Salmon Group på sin heimeside.
Onsdag vert det helde arbeidsmøte på Salmon Group sitt kontor i Bergen. Der møtte forskar og taregründer Job Schipper dei engasjerte studentane. Han vart positivt overraska og oppglødd over den kompetansen og idèrikdomen studentane sat på. Dei på si side fekk mykje kunnskap om korleis tare veks i sjøen, og kva krav som vert stilte til teknologien som skal nyttast. No går dei attende til teiknebrettet for å kome opp med kreative løysingar for framtidas havbruksnæring.