Vil dele norsk kompetanse

370

– Noreg ønskjer å bidra med kunnskapen vår om fiskeriforvaltning og havbruk. Kunnskapsutveksling er avgjerande om vi skal sikre ei berekraftig utvikling, sa fiskriminister Elisabeth Aspaker, då ho opna eit fagseminar om den tyrkiske marknaden for norsk sjømat i Istanbul torsdag.

Seminaret samla aktørar frå norsk og tyrkisk sjømatnæring. Den tyrkiske marknaden for norsk sjømat er i vekst, i hovudsak gjeld det makrell og laks. I innlegget sitt understreka statsråden behovet for å utvikle ei berekraftig sjømatnæring.

– Dei kalde og reine farvatna våre gir Noreg klare fortinn i sjømatnæringa. Våre forbrukarar verda rundt – og Noreg sørgjer for 36 millionar sjømatmåltid kvar dag – skal kunne nyte god og sunn sjømat og vite at maten er miljømessig berekraftig, sa fiskeriminister Elisabeth Aspaker.

I samband med statsbesøket til Tyrkia deltok fiskeriminister Elisabeth Aspaker i ein kokke-workshop med tyrkiske barn.

– Dette er morgondagens forbrukarar. Vi må sørgje for at dei får smaken på sjømat. Tyrkarane et langt mindre fisk enn nordmenn. Så her er det eit stort potensial, seier Aspaker.