Reetablerer laks i Modalen

641

Alt neste år vil rogn frå vossolaksen verta planta i Modalselva, og frå 2016/2017 vil ei storstilt kaling av elva – for godt over ein million kroner årleg– starta.

Det var noko av meldinga som rådgjevar på miljø- og klimaavdelinga på fylket, Gry Walle og seniorrådgjevar Kjell Hegna, hadde med seg til Mo måndag kveld, skriv Avisa Hordaland.

– Den opphavlege laksestamma i Modalselva døydde nok ut på 70-talet ein gong, og me har bestemt oss for å reetablera laksestamma. Det beste vil såleis vera å bruka materiale frå Vosso, det har me i genbanken, fortalde Gry Walle.

På spørsmål frå salen om det er greitt å flytta fisk frå eitt vassdrag til eit anna, var svaret at materiale til vossolaks har ein alt, og ein kan samarbeida med mellom andre Voss klekkeri for å få ei levande laksestamme att.

– Det er også slik at denne fisken ikkje er så ulik den opphavlege fisken i modalsvassdraget, la ho til.

– Me veit at det gyt laks alt i dag, men dei kjem ikkje tilbake på grunn av tilhøva i elva. Difor vil me samstundes starta ei storstilt kalking av elva, understreka ho.