Avviste 118 søknader

412

Faggruppa for grøne løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure har no vurdert alle søknadene i tildelingsrunden 2013 for å sjå om dei formelle krava til søknadene er stetta. Ein overraskande stor del av dei 255 søknadene er avviste, fordi dei formelle krava ikkje er stetta.

Faggruppa for grøne løyve har no vurdert dei 255 søknadene om grøne løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure for å sjå om dei formelle krava til søknadene er stetta. Av 255 søknader er det gjort vedtak om avvising i 118 saker. Dette er ein overraskande stor del av søknadene, melder Fiskeridirektoratet.

Det er fatta 25 vedtak om avvising i gruppe A, 27 vedtak i gruppe B og 66 vedtak i gruppe C. Vedtak om avvising er sendt dei einskilde verksemdene måndag denne veka.

Det er vesentleg fire grunnar til vedtak om avvising. Dei fleste søknadene er avviste på grunn av mangel på dokumentasjon av innbetalt søknadsgebyr. Andre er avviste, fordi søknaden er underteikna av ein person som ikkje har fullmakt til å signere på vegner av verksemda som søkjer. Nokre søknader har ikkje vedlegg som tilstrekkeleg dokumenterer betalingsevna for løyvet. Det er òg døme på at signatur på søknaden manglar, for seint innkomen søknad, og søknader som er avviste på grunn av ein kombinasjon av fleire av dei grunnane som er nemnt her.

Det er vanleg klagerett på vedtaka. Fiskeri- og kystdepartementet er klageinstans.

Du finn oversikt over kva søknader som er avviste under.

Vidare sakshandsaming
Faggruppa vil no gå inn i fagleg vurdering av dei øvrige søknadene. Dei vil først vurdere gruppe B og kven som er prekvalifiserte i denne gruppa. Dei ser for seg at dette vil vere klart innan utgangen av november.

Endeleg avgjerd i gruppe B ved budopning vil ikkje bli gjennomført før etter at faggruppa og Fiskeri- og kystdepartementet har handsama ferdig eventuelle klager på avvising og vurdering av prekvalifisering.

Etter dette vil ein ta til med vurdering av gruppe A og C. Førebels kan ein ikkje seie noko om når desse gruppene vil være ferdig vurderte.

Faggruppa kjem med meir informasjon når utfallet av vurderinga av prekvalifiseringa er klart.