115 klager på avvisningsvedtak

Faggruppa for tildeling av grøne løyve til oppdrett av laks, aure og regnbogeaure har mottatt 115 klager etter at 118 søknader vart avvist.

Faggruppa er no i gang med å gå gjennom alle innkomne klager og vil gå gjennom klager relatert til avvisningsvedtak av søknader i gruppe B (lukka bodrunde) først. Alle saker som ikkje blir omgjort ved faggruppas handsaming, vil bli oversendt Fiskeri- og kystdepartementet for klagehandsaming der.

Det er eit svært omfattande arbeid som faggruppa no er i gang med. I tillegg til handsaminga av klager på avvisningsvedtak vurderer faggruppa parallelt søknadene i gruppe B. Vurdering av prekvalifisering i gruppe B vil ikkje bli gjort ferdig før klagehandsaming av avvisningsvedtak i gruppe B er endeleg avgjort, skriv Fiskeridirektoratet i ei pressemelding.

Opning av bod etter klagehandsaminga
Faggruppa vil heller ikkje opne boda som er komne inn i gruppe B før eventuelle klager knytt til vedtak om prekvalifisering er endeleg avgjort.

Etter at klagehandsaminga knytt til avvisningsvedtak i gruppe B er ferdig tek faggruppa fatt på klagehandsaminga av avvisningsvedtak i gruppene A og C.

Om dei ulike gruppene:

Gruppe A (Troms og Finnmark): 20 løyve, fordelt med 10 i kvart av fylka. Innanfor dei 10 løyva i kvart av fylka er 5 løyve reservert mindre aktørar.

Gruppe B (open gruppe med lukka bodrunde): 15 løyve.

Gruppe C (open gruppe): 10 løyve.