– Pussig at dei ikkje involverer oss som var med på forliket

Nyheter
0

Pasientfokus og Venstre, som sikra forlik om grunnrenteskatt for laks i Stortinget, vil ha fortgang i arbeidet med miljøteknologiordning.

Irene Ojala i Pasientfokus stussar over at regjeringa «sleper beina etter seg».

– Viss regjeringa har gode grunnar for å utsette ordninga, er det pussig at dei ikkje involverer oss som var med på forliket, seier ho til NRK.

Venstre og Pasientfokus med på avtalen i byte mot ein garanti om at staten ville få fart på omstillingsarbeidet i havbruksbransjen. Avtalen var at regjeringa skulle skissere ei miljøteknologiordning for å oppmuntre oppdrettsselskapa til å investere i meir miljøvennlege produksjonsformer «i løpet av 2023».

Eitt år på overtid varslar fiskeri- og havminister Cecilie Myrseth (Ap) at skissa heller ikkje kjem i 2024, men først neste år når ho legg fram «ei meir heilskapleg havbruksmelding».

Venstre sin finanspolitiske talsmann, Alfred Bjørlo, har tidlegare overfor iLaks sagt at det er «uforståeleg for oss dersom dette drøyer til 2025«.

Om forslaget kjem i 2025, kan ordninga først bli ein realitet i 2027.

– Regjeringa har fått ein marsjordre. Det er ingen grunn til å dryge dette, seier Sjømat Noreg-direktør Geir Ove Ystmark.

I rapporten «Frå raud til grøn kyst» skisserer Veterinærinstituttet og Havforskingsinstituttet korleis Vestland, som har vore vekselvis raud og gul sidan 2017, kan stå opp att som grøn.

– Men det trengst nok sterkare insentiv for å få fortgang på dette. Ei mogleg løysing kan vere å innføre ein miljøordning som eit pilotprosjekt i Vestland, seier direktør ved Havforskingsinstituttet, Geir Lasse Taranger.