16,3 prosent svinn på oppdrettslaks

Nyheter
1608

Funna er publisert i ein rapport og syner store skilnader mellom oppdrettsanlegg og mellom delar av landet. Prosjektrapporten påpeikar mogelegheiter for stor framgang for anlegg med høge tap, melder Mattilsynet.

Prosjektet vart finansiert av FHF (Fiskeri-og havbruksnæringens forskningsfond) og omfatta laks og regnbogeaure satt ut hausten 2010 og vår og haust 2011. Sjølv om det var frivillig å ta del vart nær 80 % av alle dei aktuelle anlegga representert. Resultata syner eit registrert svinn på 16.3 % for laks og 18,3% for regnbogeaure om ein ser alle dei nemnde generasjonane under eit. Det var markerte skilnader i årsaker til tap mellom fiskegrupper, lokalitetar og ulike geografisk plassering. Det vart registrert lågast svinn i Nordland og høgast i Finnmark.

Det var få spesifikke svinnårsaker som dominerte, men ved å gruppere svinnårsakene i fem ulike kategoriar kunne ein få eit viktig overblikk. Registrert tap vart delt i fem kategoriar: settefiskrelatert svinn, infeksjonar, mekanisk skade, miljøpåverknad og diverse. Prosjektet syner at smoltrelaterte problem framleis var ein viktig årsakskategori for svinn i sjøfasen i desse generasjonane.

Det er også verd å merke seg at ein mindre del av fiskegruppene synte seg å dra gjennomsnittssvinnet myke opp. Dersom den femtedelen av gruppene med størst svinn vart teke ut frå talmaterialet, ville det samla registrerte svinnet på landsbasis anslagsvis vorte redusert med 5,3 prosentpoeng.

Prosjektet representerer eit svært omfattande datamateriale som også gjev havbruksnæringa eit godt grunnlag til å vurdera kva for tiltak som bør setjast inn for å redusera svinn. For Mattilsynet vil resultata frå prosjektet inngå i arbeidet med å prioritera tilsynsaktiviteter og vurdera trong for endra regelverk. Prosjektet gjev også nyttige innspel til forskargrupper som vurderer kva for forsking som det er viktig å prioritera.

Prosjektleiar har vore veterinær Hogne Bleie.