Ytringer i agurktid

Meninger
973

Ser at Vitenskapelig råd for lakseforvalting delar trusselbildet i to:

– Dei stabiliserte trusler; kraftutbygging, sur nedbør og fysiske inngrep. Desse faktorar har forbygd, flytta og forsura meir enn 50 % av ferskvatnet.
Er det slik at desse truslene er lagde til sides(?) og at vi må avskrive meir enn 50 % av opprinneleg «villfiskkapasitet» i norske vassdrag?

– Dei ustabiliserte truslene; som lakselus og rømming har fullt fokus. Her må forbedringer til, seier rådet, det er altså kampen om dei siste «kakestykka» som gjeld.
Vi veit alle at 0-visjonen på lus er urealistisk.
Vi veit alle at 0-visjonen på rømming er urealistisk.

Dagens lukka alternativ er rimelig populistiske, og blir sertifiserte kun for smul sjø.
I lune farvann.
Rømmingssikre. Neppe.
Lusefrie. Nei.
Om lukka løysingar ikkje når fram i stor nok grad, så har Faggruppa som har lagt vekt på dette stilt seg for hogg.

Ein skral kalv på sommarbeite blir ofte angrepene av flogemark, og må behandlast eller omkomme. Svekka villfisk frå elva, vil lett bli offer for lus og predatorar, slik er naturen. Villfisken har nok blitt svekka på grunn av alle inngrepen og utslepp dei siste 50-60 åra. Lite vatn i elva stundom, ureining i kulpen, forbygd elv, olje, sårhet, vegsalt, landbruk etc. Der vil støtt vere nok luselarvar til å angripe dei svake.

Det vitskapsrådet burde ta med, kva som kan gjerast for å styrke yngel og smoltsida i villfiskarbeidet (ferskvann arbeidet). «Såkorn-arbeidet» må forserast. Landa rundt Stillehavet gjer det i svært stor skala og der er villaksen tallrik. Canada, USA, Japan, China og Russland klekkar milliardar av yngel og lagar smolt. Slikt arbeid blir det villaks av!

At den største lakseaktøren no prioriterer vekst «over there» er interessant. Moderat utvikling heime og vekst ute – vi andre har ikkje skaffa oss den mulighet.

Etter som verda rundt oss kjem sterkare med i oppdrett, vil Norge tape terreng! Men bør våre myndigheiter i så stor grad forsere og bidra til dette?

Arbeidet mot lus og rømming har prioritet og går for fullt innad i næringa.

Det er trist at det politiske miljø let seg forlede av mindre pressgrupper til å overfokusere på lus og rømming, langt ut over reelle proporsjoner – og så gløyme biologien /yngelen.

Klart her manglar innsikt, og såkalla akademisk kunnskap.
Det er jo bekymringsmeldingar og «føre var»-prinsippet som styrer i dag.

Olav H. Hauge sat i Ulvik og såg kor dette bar hen.

VARSLARAR
Der finst varslarar;
Vind, vette, fuglar og svingdører.

Kven var det eg såg i glasspegelen.
Då eg kom inn?
Døra glid att og me tejer båe.

Slikt er ikkje reell vitskap å bygge på, men ryktemakeri og ofte med dobbel agenda. Dei fleste gode hensikter kan tynast slik.

Kva er realistisk lusenivå? Etter dagens utvikla metodikk?
Kvar 10. månad har luseforskrifta blitt revidert, kvar er forvaltarane sin kunnskap og langsyn?
Korleis få tilbake ein motstandsdyktig bestand av villaks? Få ned antalet av skadd fisk ut frå elva!

Føler at Dei grønne no held på å gå i SV-fella. SV heldt på og utradera seg sjølve med å stå på forelda synspunkt i mange miljøsaker. Kvar blei den av næringspolitikken?

Dei nye fórkjeldene med å dyrke blautdyra langs kysten, med takke på å ta opp overskot av næringssalt som trugar miljøet, og slik få fram fór til dyr med marin profil er en god ide. Slik kan vi forbedre og få fullt bærekraftig produksjon. Sjå fornuftig auke.

Dagens havmiljø er jo miljøtruga etter 100 år med ukritisk utslepp.
Bygg politikken på reell og siste kjende kunnskap de må følge med breitt, og ikkje berre gå på nokre «gamle vener» sine argument.

Oppdrett i sjø kan bli veldig stort. Fokuser breiare og før Norge framover!

Eller held fortida på å hente inn Rasmus Hansson….?