Trur skog, insekt, kylling og solsikke kan bli ingrediensar i fôr

Nyheter
0

Forskarane på Nordfjord Forsøksstasjon testar alt frå biprodukt av skog, til mjøl av insekt, kylling og solsikke for å utvikle framtidas fôr til oppdrettsnæringa.

Utgangspunktet for forskinga som går føre seg på Nordfjord Forsøksstasjon på Isane i Nordfjord er ein tanke om at den såkalla «gullstandaren» med fôr av fiskemjøl og -olje ikkje vil vere berekraftig om oppdrettsnæringa skal vekse slik myndigheitene ser for seg. Skal ein ta ut meir villfisk for å lage fôr, vil det legge press på matforsyninga til verdas befolkning. Det er også peika på det problematiske ved å hente soyaolje utvikla av utrydningstruga regnskog i Brasil.

Jan Arne Holm, seniorrådgivar og biolog knytt opp mot verksemda Stim med base i Florø, har vore med på fôrforskinga på Isane sidan Norsk Marin Fisk etablerte satsinga i 2011, leia av Stig Bakke. Holm er også med vidare etter at Eide Fjordbruk no har kjøpt selskapet, fornya anlegget og planlegg auka satsing mot forsking på nye fôrprodukt.

Les også: Forsking på fôr del av berekraftsatsing

Kontrollrommet: Harry Stenslid er tilsett på Nordfjord Forssøksstasjon, her har han full oversikt over fisken i merdane frå kontrollrommet i fôrflåten.

Forskarmiljø
– Vi må finne produkt som ikkje er i konkurranse med berekraft. Haustar vi for mykje villfisk for å produsere fôr, er det eit døme på noko som ikkje er berekraftig. Vi ser på ulike biprodukt av skog som vi fermenterer, det vil seie gjærar. Vi ser også på insektsmjøl, seier Holm.

Han har med seg Britt Kari Lergård, veterinær i Eide Fjordbruk med base i Odda, og Linn Haug Eide, doktorgradsstipendiat frå Osmundsvåg knytt opp mot Norges miljø- og biovitenskaplige Universitet (NMBU) på Ås.

– No testar vi også på fermentert solsikkemjøl, og vi har lyst å bruke biprodukt frå kylling sidan kylling har mykje protein og aminosyrer. Det er ein god kandidat til laksefôr, meiner Haug Eide.

Les også: Sikrar forskingsmateriale i biobank

Forskarane seier grunnen til at dei fermenterer, eller gjærar, produkta, er at produktet då blir meir fordøyelig for fisken. Nye produkt blir blanda med fiskemjøl og -olje, komponentar som er i fôret i dag.

Anlegget: Nordfjord Forsøksstasjon har drive forsking på fiskefôr på denne lokasjonen like ved ferjekaia på Isane sidan 2011. Dei nye eigarane Eide Fjordbruk har oppgradert anlegget.

Metodisk
Dei forklarer at forskinga skjer metodisk ved at dei har tre ulike fôrgrupper med fisk som er i kvar sin merd. Samstundes har dei parallelle grupper med fisk som blir fôra på tradisjonelt fôr. På den måten kan dei måle effekten av produkta dei testar.

Lergård meiner det blir gjort ein viktig allmennyttig jobb på Nordfjord Forsøksstasjon.

– Resultata vi kjem fram til her er uvurderlige med tanke på å sikre berekraftig vekst i oppdrettsnæringa. Resultata blir også offentlig tilgjengelige, det er ikkje eit lukka system slik tilfellet er med store aktørar i fôrnæringa.

Holm meiner dei har gjort viktige funn sidan dei starta for ti år sidan.

– Vi har mellom anna påvist tarmkreft på stamfisk som hadde gått lenge på eit standardprodukt. I nokon tilfelle kan også forskinga vere overførbart til menneske.