Salmon Blog: Ungdomskjelda

Meninger
747

«Det grenseløse næringsliv» var tittelen på årets konferanse, og dette ga ei spennvidde frå integrering av flyktningar til kommunesamanslåing. Midt i dette spennet finne ein næringslivet. Folk må ha arbeid. Og bedrifter treng folk.

Victor D. Norman er ein av mine favorittpolitikarar dei siste tjue åra. I si avgrensa tid som statsråd, tok han affære og flytta statlege arbeidsplassar ut av Oslo. Han ignorerte mange åtvaringar, venta ikkje på fleire utgreiingar, men tok rett og slett affære. Slik viste han veg for mange politikarar. Ein kan ikkje løyse alt, ein må velje ei sak som ein kjempar gjennom. Få noko til å skje.

Norman flytta direktorat og tilsyn dit han meinte der kunne hentast og byggjast kompetansemiljø. På same måten snakka han på konferansen om eit «befolkningsdrive næringsliv». Eit næringsliv som må innrette sin aktivitet etter kvar folk ynskjer å leve liva sine. Og folk krev meir enn jobb for å flytte å seg.

Men diskusjonen om kva folk forventar av bumiljøet, blir ofte hefta med bagatellar. Nokon trudde for alvor at kaffi med mjølk var avgjerande for ungdom sin trivsel og tilstrøyming, og kjøpte inn og sette ut kaffimaskiner som skulle dekke denne trongen. Andre har forsøkt å snu urbaniseringa gjennom å legge til rette for ulike fritidsaktivitetar. Men som Norman har sagt tidlegare; «du tek ikkje 5 år med høgare utdanning for å drive med friluftsliv».

Få vil oppfatte desse enkelttiltaka som avgjerande for kvar dei vil bu. Derimot er det nok viktig, som kommunereformator Jan Tore Sanner påpeika i sitt innlegg, at der er sterke fagmiljø der ein søkjer seg jobb. Folk ynskjer å utvikle seg, og å bidra til utvikling i det fagmiljøet dei arbeider i. NRK syner for tida ein glimrande serie om politiet i Finnmark. Der får ein innsyn i nokre av utfordringane med å vere enkeltmannsføretak innafor ein fagetat.

«Utan Mongstad hadde Nordhordland vore som Ytre-Sogn. Og alle veit kva som skjer i Ytre Sogn. Der skjer det ingenting». Norman veit korleis han skal bli sitert og vidareformidla. Og det provoserer sjølvsagt ein Ytre-Sogning å høyre ei slik spissformulering. Havbruk, fiskeri, aluminiumsverk, skipsverft og oljeservice er mellom bransjane som held eit godt tempo i kommunane Høyanger, Hyllestad, Gulen og Solund.

Men det er rett at ein ikkje har ein industrimotor av typen Mongstad-raffineriet i denne regionen. Og først og fremst kostar det ein mykje når det kjem til sysselsetjing og busetjing av ungdom. Der er ikkje eit generøst og digert Statoil som vel og vrakar i lærlingar. Denne magneten av fagarbeid og arbeidsmiljø finst ikkje der.

Norman sitt val av Ytre-Sogn, falt nok lett fordi det er den næraste naboen til Mongstad og Nordhordland. Og ein kunne sjølvsagt argumentere med at Mongstad-effekten rekke godt inn i Ytre-Sogn, med industrimiljøa i Sløvåg og i Skipavik. Men Ytre-Sogn er mest eit symbol på alle dei plassane som er for langt vekke frå storbyane si tyngdekraft, og ikkje er velsigna med store industrimiljø.

Laksenæringa har nokre sterke tyngdepunkt i Noreg. Men først og fremst er det ei næring for dei mange mindre stadane langs kysten og i fjordane. Dette gir næringsliv og arbeid på plassar med låg næringsaktivitet, men ein opplever ofte utfordringar me då tiltrekke seg både unge og eldre fagarbeidarar.

Her er samarbeid den mest nærliggande løysinga. Ein må skape bruer mellom bedrifter som kan gje dei fagmiljøa som trengst. Dei som tek den ballen blir vinnarane. Der det er kunnskap og potensiale, ynskjer folk å vere med. Slik er vi laga. Ein treng ikkje eingong å vere særleg sosial av seg, for å ha lyst til å utvikle seg i jobben sin.