Salmon Blog: God vakt, Per Sandberg

Meninger
626

Per Sandberg er ein av dei mest profilerte FrP-politikarane som ikkje har vorte statsråd før no. Han blir gjerne oppfatta som ein impulsiv og spissformulert politikar, som ofte har hamna i steile diskusjonar med politiske motstandarar og ulike samfunnsinteresser.

FrP sin havbrukspolitikk er framleis noko uklar. På den eine sida er partiet liberalistar, på den andre sida vil dei stadig markere seg som «faste i klypa» i høve reguleringar og straffer. Men som fiskeriminister er det først og fremst regjeringa som heilskap som avgjere politikken. Og denne er staka ut gjennom to år allereie.

Elisabeth Aspaker overlate ein del pågåande prosessar til sin etterfylgjar. Utforminga av «trafikklys-regulering» og produksjonsområde er noko av det ein er mest spente på i havbruksnæringa. Der er og utlyst ein 5 % vekst neste år og utviklingskonsesjonane skal gjerast tilgjengelege. Mykje av arbeidet er allereie gjort i desse sakene, men detaljande vil vere avgjerande for mange bedrifter.

Både fiskarar og havbrukarar veit å setje pris på politikarar som er direkte og kan halde ein open tone i diskusjonane. Per Sandberg bør kome godt fram i so måte. Han vil sjølvsagt møte nokre skjær han ikkje var klar over i denne politiske paddemarka av lover og reguleringar, men han kan vere typen til å tole desse samanstøyta godt.

Som lokaleigde havbruksselskap håpar vi at Sandberg tek posisjonen som lydhøyr og handlekraftig, og at han set pris på det spreidde eigarskapet som ein framleis har i næringa. Han er ein rutinert politikar, han er van med presset frå opposisjonen, opinionen og media. Vi ser fram til å gje han kunnskap om vårt potensiale og våre utfordringar. God vakt, Per Sandberg.