Salmon Blog: Eigarskap – plikter og verdi

Meninger
665

Kanskje opplevde du som ganske ung å bli eigar av ein hund. Eit trufast dyr som skulle vere berre ditt, ein kompis som du kunne kontrollere. I so fall oppdaga du nok at eit dyr langt på veg eig seg sjølv. Det gjere som det har lyst til. Samstundes fylgde det mange plikter med, det blei ditt ansvar å sikre dyret velferd. Dyr må ha mat, vatn og mosjon, stell og omsorg. Eigarskapet blei kanskje di første sosiale plikt.

Sidan går det slag i slag. Eig du eit eittroms husvære, har du plikter som trappevask, snømåking og dugnad. Du må opne for el-tilsyn og branntilsyn. Du må betale skatt og kommunale avgifter. Eig du ein bil må du betale vegavgift, stille til EU-kontroll og halde forsikringar i orden. Alt eigarskap kjem med plikter, det er ikkje noko totalt maktforhold å vere ein eigar.

Slik er det også med bedrifter. Å stifte ei bedrift er å underordne seg ei rekke lover og plikter. Får du råd til å tilsetje medarbeidarar, aukar pliktene på dramatisk. I tillegg til å ha ansvaret for å ha nok pengar i kassen, skal du bokføre, rapportere og registrere. Du skal fylgje opp og legge til rette.

Det å vere ein bedriftseigar er å vere ein risikotakar. Det er veldig mykje enklare å ta ein jobb hos nokon andre, der du har dine rettar og kan skifte beite kjapt om du ynskjer det. Til nærare du er produksjonen i di eiga bedrift, til meir vil du føle på dette ansvaret. Til færre avleiande ledd har du mellom deg sjølv og kvardagen sine utfordringar. Og i ytste fall møter du både tilsette og naboane til verksemda på fritida. I større grad enn du eig bedrifta, eig bedrifta deg.

Dei lokale eigarane i norsk oppdrettsnæring er denne typen eigarar. Dei ligg vakne om nettene om noko er gale med fisken. Dei tek det personleg om ei ulukke skjer på arbeidsplassen. Dei møter lokalsamfunnet sine tilbakemeldingar på nærbutikken og på samfunnshuset. Dei møter naboen i døra når dei kjem på kommunehuset for å diskutere søknaden om ein ny lokalitet.

Det er krevjande å vere ein lokal bedriftseigar. Men dei som klarar seg i dette gamet, er ressurspersonar. Dei er stolte og innsatsviljuge, tøffe men og forståingsfulle. Dei må kunne navigere i vanskelege farvatn. Dei er gjerne eldsjeler og dugnadsmenneske, arbeidsjern og ærgjerrige. Samfunnet og lokalsamfunna treng slike, folk som vil ta eit ekstra ansvar, folk som vil enno litt meir.

Lokale bedriftseigarar skal ikkje beskyttast mot kritikk, men heller møtast med han direkte. Er du forbanna på naboen, gå til han med det, ikkje til avisa eller andre som kan grave vekk grunnen under han og verksemda hans.

Norsk laksenæring ynskjer å vere i takt med våre omgjevnader, med samfunn og forvaltning. Neste gong du er skeptisk eller jamvel forbanna på noko som har med vår aktivitet å gjere, kom til oss med det. Vi treng eit godt miljø og gode samfunn rundt oss for å utøve vår næring. Vi er berre vanlege folk, som har valt å ta eit ansvar for å utvikle næring i våre lokalsamfunn. Vi forstår dei pliktene som fyl med det.