På tide å skifte grep

Meninger
950

Salmon Group har i vårt innspel til revisjon av PD-forskrifta peikt på at det er på tide å ha fokus på andre verkemiddel enn utslakting for å halde sjukdomen nede. I Sør-Noreg har næringa i samarbeid med Mattilsynet iverksett ei rekke tiltak og forholdsreglar som held sjukdomen nede på eit handterleg nivå. Det har framleis store konsekvensar å få PD-utbrot, men dødelegheita er langt lågare enn tidlegare.

Då barrieren ved Hustadvika fall, var det og ein illusjon som brast om at ein skulle kunne stengje sjukdomen ute ved ei grense i sjøen. Om ikkje Hustadvika heldt mål som biologisk barriere, korleis skulle då andre havstykke kunne gjere det betre? I den samanhengen vart det og innvilga at ein fekk flytte PD-sjuk fisk sør for grensa. Her ga forvaltninga til kjenne økonomiske konsekvensar som det avgjerande motivet.

Dei økonomiske konsekvensane er slett ikkje mindre for dei aktørane som no er råka i Nord-Trøndelag. Omfanget er i ferd med å nå ei grense for kva som er forsvarleg både fiskevelferdsmessig og samfunnsøkonomisk i høve til å slakte ut all fisk. For fleire lokalt baserte verksemder vil dette kunne bli avgjerande for vidare satsing både på sjø og land.

Salmon Group oppmodar nok ein gong om at ein nyttar den kunnskapen og dyrkjøpte erfaringar som er gjort lenger sør i landet, for å lage ein meir heilskapleg og nasjonal PD-strategi.