Etter ein lang fagleg debatt og evaluering gjennomført av Fiskeridepartementet, vart eksportavgifta for laks, aure og pelagisk fisk redusert frå 0,75 prosent til 0,60 prosent frå første januar i år. I tillegg vart avgifta på produkt som vert klassifisert som foredla i tolltariffen fjerna heilt.
Avgiftsreduksjonen har vore omdiskutert i havbruksnæringa og eit sentralt argument i debatten har vore at ein del bedrifter heller ville bruke midlane til eiga merkevarebygging.
Reduserer med 85 millionar
Eit lågare avgiftsnivå inneber i praksis at inntektsgrunnlaget til Sjømatrådet vert redusert med 85 millionar kroner, noko som i utgangspunktet gjev mindre pengar til generisk marknadsføring. Men det medfører likevel ikkje at Noregs sjømatråd må sei opp tilsette, og investeringane vil bli nesten like store som før.
– Dette er jo litt teknisk, men vi har pengar på bok, og vi kjem til å bygge ned eigenkapitalen, seier Martinussen til iLaks.
Etter regelverket skal Sjømatrådet ha ein eigenkapital som tilsvara drift i fem månadar, men det kravet vert tilfredsstilt, og i tillegg vil høgare eksportverdi kompensere for reduksjonen i budsjettet.
Brukar av reservane
– Inntektene for 2016 er på 463 millionar, og vi vil investere 518 millionar kroner. Det betyr at vi brukar 55 millionar av reservane våre, seier Martinussen.
Det meste av midlane til Noregs Sjømatråd blir brukt i etablerte markandar, men det vil også bli brukt ein del i det dei omtalar som nye markandar. Her legg dei til rette for at næringsaktørane får presentere produkta sine, at dei deltek på matmesse i Dubai, eller på seminar i India. Dette arbeidet blir utforma i samarbeid med næringsaktørane, som kjem med innspel og idear på kva Sjømatrådet bør jobbe med.