HI: Rømt oppdrettslaks blir meir lik villaks jo lenger den er på rømmen

Nyheter
0

Forskarar ved Havforskningsinstituttet (HI) meiner at dette truleg aukar sjansen for at oppdrettslaks klarar å gyte med villaks.

Dette fordi kroppssammensettinga til ein rømt oppdrettslaks blir meir og meir lik villaksen, jo lenger dei har vore på rømmen. Det skriv HI i ein nettsak.

Forskarane har teke prøver av vill- og oppdrettslaks fanga i utvalde gyteelver og langs kysten frå 2011 til 2021, for å sjå på korleis fettsyrene endrar seg i rømt laks. Rundt 14 prosent av dei undersøkte rømlingane hadde same feittsyreprofil som villaks, noe som truleg vil seie at mesteparten av laksen dei undersøkte nyleg hadde rømt.

Kan «lese» feittsyrene
– Kva mat eit individ et, set spor i feittsyrene i kroppen. Ein rømt oppdrettslaks går over til å ete same mat som villaks – det set tydelege spor som forskarane kan lese, seier forskar Monica Solberg, som har leia studien.

Frå Fjord- og elvelaboratoriet i Etne i Hardanger har forskarane svært mykje data om laksen og kva feittsyreprofil han har når han vandrar opp til fella.

– Her veit vi at nesten all rømt oppdrettlaks som har «villaks-profil» er kjønnsmoden når dei vandrar opp elva, medan berre litt over halvparten av dei som kjem meir direkte frå eit oppdrettsanlegg, og framleis har «oppdretts-profil», er det, seier Solberg.

Aukar sjansen for innkryssing
Solberg forklarer at å ha same feittsyreprofil som villaksen kan bety ein fordel for kjønnsmoden, rømt oppdrettslaks på gytemarknaden.

– Det er eit signal om at oppdrettslaksen har blitt meir tilpassa livet utanfor merd. Dermed trur vi at dei kan ha betre gytesuksess enn nyleg rømt oppdrettslaks, og om det stemmer vil dei i større grad bidra til innkryssing av rømt laks i dei ville bestandane, seier ho.

Ifølgje HI er det forskjell på rømlingar frå nord og sør i landet, når det gjeld kor lenge dei har vore på røm. Dei har observert færre «ferske» rømlingar i nord. Solberg trekk fram faktorar som meir lus i sør, og betre tilgang på mat i nord, som moglege årsaker på det.

Mykje genetisk endring
Tidlegare i år hevda HI og NINA (Norsk institutt for naturforskning) å ha funne store genetiske endringar i nesten ein tredjedel av norske laksebestandar.

I rapporten hadde dei klassifisert graden av genetiske endringar i 250 laksebestander som representerer nesten all villaksen i landet. Undersøkelsene deira tyda på store genetiske endringar i 30,8 prosent av bestandene. Blant vassdragene som hadde fått dårlegare status siden sist var elva Namsen, som er heim til ein av våre største laksebestandar.

Innkryssing av oppdrettsgenar kan gje forandringar i vekst, sjøalder, smoltalder, generasjonstid, og tidspunkt for utvandring og oppvandring i elvane. Dette set villaksen i risiko for å bli dårlegare tilpassa det naturlege miljøet sitt.