Erling Sande (Sp) smeller tilbake etter oppheta diskusjon med Olve Grotle (H).
Denne veka har det vore One Ocean Week i Bergen. Havbruksmeldinga har i stor grad dominert samtalane, men også Normprisrådet fekk plass. Rådet får halda fram, etter at Høgre sitt dokument 8-forslag om å avvikle rådet ikkje fekk gjennomslag på Stortinget på tysdag.
Sidan har Senterpartiet og Høgre skulda på kvarandre for at det gjekk den vegen. Begge ville ha bort rådet, men på ulike premissar.
Snur på «spel»-utspel
– Det er heilt uforståeleg at Høgre stemte imot det vi er heilt enige om. Dei har gjort næringa ei bjørneteneste. Olve Grotle sa i debatten at dette er «eit spel». Dersom Høgre brukar denne saka til «spel» med tanke på valkamp, så er det for så vidt bra at Olve Grotle er ærleg på det, skriv Erling Sande i ein mail til iLaks.
Sande siktar til ein diskusjon som oppstod onsdag, då han og Grotle deltok i same panelsamtale hos Bergen Næringsråd. Dei to havna i klinsj, då dei fikk spørsmål om kva som eigentleg skjedde under avstemminga på tysdag.
Det var her at Grotle kalla situasjonen for «eit spel». Rett nok var dette eit nikk til Senterpartiets framferd i saka, og ikkje sitt eige parti, får iLaks stadfesta av Grotle.
Les også: I klinsj etter normpris-drama: – Dette er jo et spill

– Men for Senterpartiet er ikkje dette eit spel. Vi justerte vårt forslag for å få eit fleirtal i Stortinget for ei sak som er viktig for næringa. Men Høgre stemte imot, og dei greier ikkje å forklare kvifor, skriv Sande.
Les også: – Stemmer ikke Høyre og co for vårt forslag, så ønsker de faktisk ikke å fjerne normprisrådet
– Strekte oss langt
I forkant av avstemminga kom det ulike signal frå Sp om dei ville støtte Høgre sitt forslag. Frp, Venstre, Krf og Pasientfokus stilte seg allereie bak – og med Sp var det tilsynelatande fleirtal for avvikling. Til slutt fremja parlamentarisk leiar Geir Pollestad eit alternativt forslag på vegner av Sp. Partia vart ikkje samde, og det heile ende med status quo for prisrådet.
Sande meiner at Sp justerte ned forslaget til noko som alle burde kunne støtte: «Stortinget ber regjeringa så snart som mogleg leggja fram forslag om å fjerna normprisrådet for havbruksnæringa.»
– Vi tilpassa det ytterlegare for å få Høgre med på det, mellom anna ved å ta ut referansen til små- og mellomstore aktørar i næringa (vi har jo vore opptatt av at dei ikkje må bli ramma uforholdsmessig). Men sjølv då stemte Høgre imot. Så vi strekte oss langt for å få til ei løysing. Eg har respekt for at Høgre stemte for sin eigen modell, men det var ingenting som hindra dei frå å også kunne stemme for det andre, seier Sande.
Ordkrig
Høgre meiner på si side at Sp sitt alternative forslag ville ført næringa ut i nye utgreiingar og uvisse, då forslaget innebar å sjå på andre metodar for prissetting av laks.
I ein kronikk skriv Grotle og partifelle Helge Orten: «Etter dette har Senterpartiet dessverre vist at dei heller ikkje denne gongen er til å stola på,» – eit pek til at Sp var med på å innføra grunnrenteskatt på havbruksnæringa.

Les også: Prisrådets leder: – Usikkerhet rundt framtidige valgresultater lever vi godt med