Finansminister Jens Stoltenberg (Ap) seier i eit ferskt svar til Stortinget at han ikkje vil innføre formuesskatt på utanlandske eigarar av norske bedrifter, fordi det «..vil gjøre det mindre lønnsomt for utenlandske personer å investere i næringsvirksomhet Norge» og at «Norske selskapers tilgang på utenlandsk kapital kan dermed bli redusert.»
Les også: Avviser formueskatt for utenlandske eiere: – Jeg tror ikke det er en god idé
Det er utan tvil korrekt. Men desto meir uforståeleg er det då at både Ap, Sp, SV og Rødt er varme tilhengarar av å ha nettopp denne særskatten på NORSKE eigarar av bedrifter – slik at det blir stadig mindre lønnsomt for norske personar med lokal forankring å investere i næringsverksemd der dei sjølve bur, og slik at norske bedrifter sin tilgang på norsk kapital blir redusert.
Venstre vil fjerne formuesskatten på norsk og lokalt eigarskap av bedrifter, det som i skattesystemet blir definert som «arbeidande kapital». Det vil Venstre fordi lokalt forankra eigarskap er viktig for verdiskaping, busetnad, vekst og trivsel i lokalsamfunn over heile landet.
Det er fint at Ap og deira støtteparti er bekymra for dei utanlandske eigarane i Noreg. Vi treng dei også. Men vi kan fort kome ut og køyre dersom det norske og lokale eigarskapet forvitrar, slik det i aukande grad har gjort med Ap og Sp i regjering, heia fram av SV og Rødt som vil skatte lokale eigarar av bedrifter ENDÅ hardare.
Les også: – Men poenget er jo akkurat det samme for norske eiere
Lokal forankring – at du kan sjå bedriftseigaren i augene kvar dag, og at bedriftene stiller opp som sponsorar til det lokale fotballaget og engasjerer seg i lokalsamfunnet, det betyr noko. Ikkje minst på Vestlandet og i distrikts-Noreg elles. Uansett om Jens Stoltenberg & co ikkje ser det frå innsida av murveggane i Finansdepartementet eller LO-bygget på Youngstorget.
Venstre vil bygge Noreg sterkt nedanfrå. Då må formuesskatten på lokalt og norsk eigarskap vekk.