Felles dugnad i arealutfordringa?

Meninger
1153

Det går fort innanfor oppdrettsteknologi. Dei siste åra har bransjen opplevd ein eksplosjon av nye tekniske løysingar med lovnader om betre kontroll, effektiv drift og ein positiv effekt på næringa si opplevde auke i produksjonskostnader. Ein skulle tru at vi i takt med digitalisering og teknologiske nyvinningar skulle sjå ein nedgong i laksens produksjonskostnader. Dette har ikkje skjedd.

Kanskje er vi framleis heilt i startfasen av den teknologiske revolusjonen i næringa, og muligens treng vi tid til å la teknologien samanfalle med produksjonen for å hauste synergiar. Det kan samstundes tenkast at teknologi ikkje kan effektivisere og optimalisere produksjonen åleine. Næringa er heilt avhengig av areal for å optimalisere biologisk produksjon, og arealtilgangen har generelt vert eit omdiskutert tema. Men er det alltid nytt areal som er løysinga?

Aktørane i havbruksnæringa samarbeider godt. Dette er fordi vi i praksis ikkje er reelle konkurrentar. Vi har meir å vinne på å samarbeide om å løyse biologiske utfordringar, fordi vi påverkar kvarandre i produksjonen. Dersom ein nabo har problem på sitt anlegg, vil vi også få det om kort tid. I PO3 og PO4 er produksjonen av laks tett. Risikoen for at dei ulike aktørane kan påverke kvarande negativt er stor. Å opprette nye lokalitetar i eit slikt klima er kanskje ikkje det mest optimale.

I staden må vi satse på å utvikle og auke størrelsen på eksisterande lokalitetar, og spesielt dei som er gode. Då vert også dei dårlige lokalitetane forhåpentlegvis overflødige. Både næring og forvaltning bør ha eit felles mål om å oppnå dette. Det vert færre lokalitetar å konsentrere innsatsen mot, og avstanden mellom anlegga vert større. Dette er fornuftig både med omsyn til miljøfaktorar og smitterisiko, samt økonomisk effektiv drift.

I PO3 vert det i desse dagar gjort ein stor innsats på dette feltet, der både forvaltning og næringsaktørar jobbar i lag for å optimalisere havbrukskartet. For å komme heilt i mål med dette arbeidet må vi begrense antall dårlege lokalitetar og gjere dei attverande gode lokalitetane større, men vi må òg begrense antall aktørar i same fjordsystem. Vi har alle felles mål, men forskjellige tankar og strategiar om korleis vi skal komme dit. For mange ulike tankar og filosofiar skapar ofte meir konfliktar og uro enn flyt i produksjonen.

For å kunne lukkast i ei slik omvelting, er vi avhengige av å spele på lag med lokale og regionale myndigheiter. Planarbeidet i kommunane er heilt sentralt i denne samanheng. Det kan tenkast at å auke størrelsen på eksisterande og godkjende akvakulturområde er ein enklare prosess enn å få etablert nye områder. Ikkje minst ovanfor innbyggjarar, som skal leve i ein symbiose med denne fantastiske matproduksjonen. Kommunane kan imidlertid vere så positive dei bare vil til eit slikt arbeid, men dersom ikkje statens mann i fylket er med på laget, er vi like langt.

Det er mulig at alle aktørane som er nemnt i dette innlegget i realiteten ikkje står så langt frå kvarandre i tankane om arealutvikling. Kanskje er det bare konstruktive samtalar som skal til for å skape forståelse, og for å kunne stake ut ein felles plan for å effektivisere og vidareutvikle ei av Noregs desidert viktigaste næringar. Då er det synd om ikkje næringa, forvaltninga, kommunar, fylkeskommunar, og ikkje minst fylkesmannen evnar å ta denne samtala saman for å gjere verdas mest effektive matproduksjon endå meir bærekraftig og framtidsretta.

Forfattaren er sjølvsagt kjend med at aktørane i havbruksnæringa ynskjer og har behov for å ha lokaliteter i fleire produksjonssoner for å spreie risiko. Tankane i denne artikkelen utelukkar ikkje ei slik produksjonstilnærming. Dersom næringa skal vokse i tråd med måla til myndigheitene må også nye areal tilretteleggast for oppdrettsverksemd. Poenget er at dersom næringa skal optimalisere drift, vokse og samtidig oppleve framtidig lønnsemd, må det gjerast ein innsats på fleire områder. Teknologi spelar ei stor rolle, men vidareutvikling av eksisterande areal og ei omfordeling av lokalitetseigarar i ulike produksjonssoner spelar kanskje ei endå større rolle. Det sistnemnte kan bli ei noko ubehagelig affære, men det er etter mi meining ein slik dugnad som må til for at vi skal kunne komme oss eit stort steg vidare.