Alsaker om storbrannen: – Svartaste dagen i familien på 87 år

Nyheter
0

Ifølgje Gerhard Meidell Alsaker vart ikkje elden til å stoppa, før den hadde lagt mesteparten av bygningane deira på kaien i Onarheim i oske.

Det skriv Alsaker Fjordbruk-eigaren på Facebook, etter at det laurdag ettermiddag braut ut ein kraftig brann i selskapets nye administrasjonsbygg på Tysnes i Vestland.

Brannen ramma sju av åtte bygg. Fem bygg blei totalskadde, medan to bygg fikk alvorlege vasskadar. Politiet har starta etterforsking, men veit førebels ikkje årsaka til brannen.

Blåmandag
«Etter den svartaste dagen i familien på 87 år, blir da ein ekta blåmandag imorgon,» skriv Alsaker, søndag kveld.

«Igår laurdag starta det ein brann i Alsaker Fjordbruk sitt nye administrasjonsbygg på Alsaker Brygge. Elden som blei tidleg oppdaga, var ikkje til å stoppa før den hadde lagt mesteparten av bygningskomplekset i aske. Det nye administrasjonsbygget har vore under planlegging og bygging sidan 2017, bygget vart tatt i bruk i slutten av oktober ifjor og skulle vera ferdig til påske,» fortset han.

Bygga husa kontor, møterom og auditorium, og skulle brukast som nytt administrasjonssenter. Selskapet vil nytta det gamle kontorbygget på området framover. Foto: Gerhard Meidell Alsaker

Les også: Flere Alsaker-bygg i full fyr på Tysnes

Ifølgje politiet skal det ikkje ha vore personskadar eller sakna personar etter brannen. Alsakers samfunnskontakt Kristian Råsberg, som sjølv skal ha vore på staden då det brann, seier til BT at folk raskt vart evakuerte frå bygget.

Takkar for innsatsen
Alsaker takkar dei som deltok i slukningsarbeidet, og personen som fikk varsla brannvesenet. Den same personen fikk óg varsla Tysnes Kammerkor, som hadde øving i kantina.

Les også: Han varslet om brannen hos Alsaker: – Jeg banket og slo på ruten

Oppdrettstoppen har fleire å vera takksam for, ifølgje meldinga hans:

«Ei stor takk også til båtar med brannkanoner og anna sløkkjeutstyr frå; Fjordbruk Service, Tronds Marine Service, Ambulansebåten Rosedoktoren, og sist men ikkje minst Server og Boxer frå Bukser og Berging. Takk til ambulansepersonell og politi. Takk til handverkarar og leverandørar som kom på staden og hjelpte til. Takk også til tilsette som deltok i samband med sløkkjearbeidet og berging av verdiar. Til slutt takk til alle som deltok og ikkje er nemnt,» skriv Alsaker.

Gerhard Meidell Alsaker er administrerende direktør og eigar i Alsaker Fjordbruk. Arkivfoto: Aslak Berge