Eide Fjordbruk kjøper smoltanlegg i Solund

Nyheter
995

Fusaoppdretter Eide Fjordbruk har i dag inngått avtale med Erko Seafood om kjøp av 70 prosent av aksjane i settefiskprodusenten Lialaks.

Selskapet held til i Solund kommune i Sogn og Fjordane, og produserer cirka 600.000 laksesmolt årleg. Eide Fjordbruk har allerede betydeleg aktivitet i Produksjonsområde 4 som Solund er ein del av.

Kart lialaks.

«Me ynskjer å investere i akvakulturvirksomhet i Sogn og Fjordane for på sikt å kunne bygge opp et bærekraftig kluster med både settefisk- og matfiskproduksjon i same region. Denne investeringa markerer første steg i denne retninga for oss», skriv Eide i ei pressemelding.

«Investeringa er også med på å sikre Eide Fjordbruk tilgang på lokal, eigenprodusert smolt, og vil bidra til vidare verdiskaping i lokalsamfunnet».