Desse selskapa er ramma av Salma-kuttet: – Ein krevjande prosess

Nyheter
0

No har dei tilsette i Bremnes Seashore fått beskjed om kven som mistar jobben. Tre selskap i konsernet vart ramma av Salma-nedlegginga.

– Dette har vore ein krevjande prosess for både dei tilsette og oss som selskap, skriv Simon Nesse Økland, kommunikasjonsdirektør og samfunnskontakt i Bremnes Seashore, i ei melding til iLaks.

Like før jul varsla Bremnes om at rundt 100 jobbar ville ryke, som følgje av at dei hadde bestemt seg for å leggje ned satsinga på varemerket Salmalaks. No er det klart kva greiner i konsernet som er ramma av kutta.

Tre selskap
Som tidlegare varsla, stadfestar Økland at det er om lag 100 tilsette som no har fått melding om at dei mister jobben i Bremnes-konsernet.

– Selskapa som har blitt ramma av nedbemanninga er Salmon Brands, Seashore Industri og Bremnes Seashore, opplyser Økland.

Salmon Brands er Salmalaks-satsingas fløy i Oslo, som ifølgje Proff.no har rundt 12 tilsette. Seashore Industri ligg til fabrikken på Bømlo, og driv med slakt og foredling av varene til Bremnes Seashore. Her har det vore meir enn 200 tilsette. Morselskapet Bremnes Seashore står oppført med nær 50 tilsette.

Les også: Om nedbemanningsprosessen: – Nå begynner det å bli vondt, vanskelig og komplisert

Eit lyspunkt
Bømlo i Vestland, der hovudaktiviteten i Bremnes går føre seg, er ein kommune med om lag 12.000 innbyggjarar. Det har vore eit håp om at det kan finnast nye, lokale jobbar til dei tilsette som mistar jobben ved hjørnesteinsbedrifta.

– Me har fleire laksebedrifter her på Bømlo, så me håpar og trur at nokre av dei kan få seg jobb vidare der. Me har i alle fall kontakta dei og sagt at det er ledige folk på marknaden, sa tillitsvald Randi Bjelland til iLaks før jul.

Ifølgje Økland er det fleire blant dei 100 oppsagde som no har funne seg nye jobbar.

Dyrtid, auke i kostnadar, underskot og politiske rammevilkår har bidrege til at det ikkje lenger blir produsert Salmalaks på Bremnes Seashore sin fabrikk på Bømlo. Foto: Tina Totland Jenssen

– Me har heilt frå starten hatt eit sterkt fokus på å ivareta folk på best mogleg måte, gjennom open dialog og støtte i ein vanskeleg situasjon. Det er godt å sjå at mange allereie har funne seg nye jobbar, både lokalt på Bømlo og i Oslo. Det vitnar om at dyktige folk er ettertrakta, og det er me glade for midt oppi det heile, seier han.

Les også: Tillitsvalgt: – Summen av alt som bedriften er blitt pålagt de siste årene