Auksjonen blir testen

Meninger
0

Den komande auksjonen for nytt produksjonsvolum, blir den første testen på kva det samla skattetrykket framover har å seie for verdien av laksekonsesjonar. Det kan bli dei dyraste tonna som nokon sinne blir selt, uansett auksjonspris.

Regjeringa har inngått eit veddemål mot skeptikarane, der dei seier at den samla auken i skattetrykk ikkje vil bli eit alvorleg tilbakeslag for norsk lakseproduksjon. Den samla skatteauken, slik det no er varsla, gjeld grunnrente, mangedobla formuesverdsetjing av eldre konsesjonar, auke i utbyteskatten og ei nyleg innført produksjonsavgift.

Dei spontane signala frå næringa, er at begeret no er fullt. Investeringar i anlegg, fartøy og utstyr blir lagde på is. Nye tilsetjingar blir sette på vent. Investorane har sendt kursen massivt ned, i alle dei noterte selskapa. Aktørar med aktivitet i fleire land og verdsdelar, seier dei no vil sjå på om dei skal prioritere vekst og investeringar andre stader enn i Norge.

Ti gode år, og alt er gløymt
Mange kritikarar av næringa, politikarar og redaktørar langt vekke frå ein kvardag på sjøen, er derimot overtydde om at dette er overdriving, krokodilletårer og spel for galleriet. Det vil framleis vere gode marginar i lakseoppdrett, og Norge vil vere det beste landet å satse og drive i, seier dei.

Øyvind Kråkås, Havbrukspartner.

Kva som er rett, kan strengt tatt ingen vite heilt sikkert. For tjue år sidan låg storselskap i næringa med buken opp, under bankane sin administrasjon. Næringa hadde «konsolidert seg» i eit forrykande tempo, ingen pris var for høg for den som kunne få hand om mange nok laksekonsesjonar. Nokre selde konsesjonane sine i byte mot aksjar, for å bli med til himmels. Andre, vanlege folk som det no heiter, lånte på hus og heim, i byte mot ein bit av den næringa som skulle erstatte oljen.

I dag synest historia gløymt, etter dei ti beste åra i næringa si historie. Det er annleis denne gongen. Og det kan sjølvsagt hende. Men det som er sikkert, er at for å fortsetje å utvikle seg, må der vere nokre som er viljuge til å satse. Redaktørar og politikarar har sjølvsagt vrengt lommene, for å få vere med på oppturen, når det syner seg at skatten ikkje blir noko problem å bære.

Men det er neppe nok. Det krev mykje risikokapital å drive med fiskeoppdrett, og å investere i utstyr, teknologiutvikling og forsking. Næringa har vore nesten heilt fri frå stønad. Ho har handtert svingingar på eiga bok, og kjøpt volum for å få lov til å prøve ut nye løysingar. Du må ha mange nok optimistar av den rette typen, for å klare å finansiere noko slikt.

Får optimismen ei forankring?
Den komande auksjonen på nytt volum, vil vere første gongen ein prøver ut denne optimismen på tvers av heile næringa, etter at den nye cocktailen av skattar er skjenkt opp. Min spådom er at det knapt vil bli nokon av dei etablerte aktørane som ynskjer å by på nytt volum no. Alt anna vil jo undergrave kritikken som er komen frå næringa dei siste dagane, og det vil vere med og bygge opp under ei høg verdsetjing av konsesjonar inn i framtida.

Dersom det blir slik, at interessa er forsvinnande låg for å by på nokre få nye tonn, vil det bli lite friske pengar i Havbruksfondet. Verdsetjinga av tidlegare tildelte konsesjonar må skrivast kraftig ned, noko som vil minske formueskatten. Både tildelingskriteria og skattemodellen vil dermed vere under eit kraftig press allereie no.

Med andre ord; det vil løne seg godt for aktørane å beherske seg og avstå frå denne auksjonen. Ei kvar deltaking vil vere ein aksept for dei forslaga som no er lagt på bordet. Og ein vil betale for det for all ettertid. Det kan veldig fort bli den dyraste auksjonen dei nokon gong deltok på.

Det vil bli interessant å sjå regjeringa sin veg vidare, frå ein eventuell resultatlaus auksjon. Første turen vil uansett bli å gå ut til ordførarane i kystkommunane, og fortelje at Havbruksfondet ikkje får det påfyllet ein har førespegla. At ein rett og slett har forrekna seg. Ein kan sjølvsagt og velje å bagatellisere det. Då veit vi at endringane er eit ledd i ei tilsikta flytting av inntekter frå distriktskommunar til staten.