Slik forslaget føreligge blir det eit dramatisk skilje mellom dei som har tilgang på interregionalt biomassetak og drift i fleire område, og dei som hamnar i eitt produksjonsområde og ikkje kan flytte rundt på produksjonen. Over tid vil denne skilnaden underminere konkurranseevna til lokalt baserte selskap.
Sist veke hadde Salmon Group møte med fiskeriministeren der ein gjorde greie for dei ulempene det føreslegne systemet vil gje, og kva som kan gjerast for å tilpasse det til ein meir konkurransevenleg og biologisk tenleg variant.
Konkret kan forslaget oppsummerast i tre punkt:
– Eitt biomassetak uavhengig av produksjonsområde
– Fjerning av produksjonsområdetilknyting for konsesjonane
– Bærekraftig reduksjon på lokalitets MTB i produksjonsområda
Likevel står vi fast ved at trafikklys-modellen vil vere lite målretta for å nå dei måla som Stortinget har sett for næringa, og dei ambisjonar regjeringa har uttalt. Modellen er einsretta mot lus som miljøfaktor, og fangar dårleg opp andre utfordringar. Det er og tvilsamt om modellen vil vere effektiv nok til å regulere produksjonen i områda, all den tid regulering skjer på konsesjonsnivå og ikkje lokalitetsnivå.
Gjennom ein analyse utført av Kontali, har Salmon Group dokumentert dei usikre biologiske og negative økonomiske effektane ordninga kan få. Rapporten var vedlegg til nettverket si høyringsuttale.
Les Salmon Group si høyringsuttale
Salmon Group AS forslag til fiskeriminister Per Sandberg 16.11.16