Størst i verda
Kina er verdas største fiskeri- og akvakulturnasjon med ein tusenårig tradisjon for akvakultur. Dei siste tiåra har det vore ein markant auke i oppdrett i sjø, og landet fokuserer no stadig meir på forsking og forvalting innanfor dette feltet. Her kjem samarbeidet med Noreg inn.
I følgje Forskningsrådet er Kina venta å bli størst i verda på vitskapelege publiseringar i 2015. For å auka merksemda om forskingssamarbeid innanfor akvakultur, arrangerte Forskningsrådet eit seminar i Qingdao i november 2014. Deltakarane vitja Sangou Bay for å sjå på kinesisk oppdrett av skjell, tare og fisk. Synfaringa kom i stand etter invitasjon frå YSFRI.
Har tillit i Kina
Signeringa av avtalen fann stad i Bergen. Avtalen sikrar at akvakulturprosjektet ”Environment and Aquaculture Governance” kan gå over i sin andre fase. Budsjettet er på 5,4 millionar kroner. Av dette bidreg Utanriksdepartementet med 4,5 millionar, medan Nærings- og fiskeridepartementet etter planen skal bidra med 900 000 kroner.
Prosjektet tar mellom anna for seg arealplanlegging, berekningar av bereevne og økosystembasert tilnærming til havbruk. Aktivitetane skal gå for seg både i Kina og Noreg.
– Denne avtalen viser at vi har klart å opparbeida tillit hos kinesarane og at dei ønskjer meir av kompetansen vi har på akvakultur og forvalting i Noreg, seier Rolf Engelsen, som er prosjektleiar ved Fiskerifaglig senter for utviklingssamarbeid ved Havforskingsinstituttet. Øivind Strand er fagleg hovudansvarlig for det norsk-kinesiske samarbeidsprosjektet.