Høgt påslag av lus på unglaks i Hardangerfjorden og Sognefjorden

Gode fangstar av villfisk gir forskarane eit godt vurderingsgrunnlag.

– I år har vi fått generelt gode fangstar av vill unglaks, postsmolt, på veg ut fjorden mot oppvekstområda i havet, seier Rune Nilsen, som er ansvarleg for gjennomføringa av den nasjonale luseovervakinga, i ei nettsak frå Havforskningsinstituttet.

Han trur den kalde våren har bidratt til dei gode fangstane.

– Truleg har det kalde veret gjort at utvandringa har vert meir normal i år enn i fjor då det var uvanleg varmt og vi fekk mindre fisk. Dermed har vi treft godt med tidspunktet for tråling etter ungfisk i år.

I Trøndelag er det også gjort ei utviding av området som vert overvaka.

– Risikoen for at laksen vert smitta av lus er størst i oppdrettsintensive områder. For å følgje laksesmolt som har svømt gjennom oppdrettsintensive områder litt lenger, har vi i år også tråla i Frohavet utanfor Trondheimsfjorden. Det gir oss betre data frå dette området, seier han.

I tillegg til at mengde lus på fisken blir talt, blir det også tatt genprøvar av den.

– Vi antar fisken vi får i Frohavet er frå elvane i Trøndelag, men heilt sikre kan vi ikkje vere før vi får svar på dei genetiske analysane.

Eit kart over Noreg. Langs kysten og i fjordane er det prikkar som viser kor det vert fanga laksefisk til overvakinga. Områda som ikkje er undersøkt endå, er frå Nordland og nordover.
Kartet viser kva type feltarbeid og kva artar som vert undersøkt i dei ulike produksjonsområda. Sirklar utan farge indikerer stasjoner som er under gjennomføring eller planlagt gjennomført seinare i sesongen og derfor ikkje inkludert i figuren, desse stasjonane kjem til å bli undersøkt ved hjelp av ruse og garn.

Slik har det gått med unglaksen i år
Eit av måla med overvakinga av lakselus, er å undersøke kor stor effekt lus frå oppdrettsanlegg har på villaks. Derfor blir mengda lus på unglaks overvaka i perioden når laksen sym frå elvane og ut mot oppvekstområda i havet.

Lakselusa er ein parasitt som et laksen si hud. Det kan påføre fisken sår og i verste fall dør den.

Resultata viser at det var høgt påslag av lakselus på unglaks i Hardangerfjorden og Sognefjorden i vår.

I Boknafjorden og Romsdalsfjorden var det lavt påslag, medan det var lavt til moderat i Trøndelag.

– I Trøndelag auka mengda lus på slutten av undersøkinga, men ikkje nok til at området vart vurdert til høgt, seier Nilsen.

I produksjonsområda (PO) 1, frå svenskegrensa til Jæren, og i PO 7, Nord-Trøndelag, er det ikkje gjennomført feltarbeid i år.

– I desse områda er det lite usikkerheit frå tidlegare år når det gjeld effekt av lakselus på villfisk. Vi har derfor prioritert å tråle i området utanfor Trondheimsfjorden for å få betre data derfrå, seier Nilsen.

Ruse til fangst av sjøaure ved Rosendal.
Foto: Kamilla Moe Johansen, Havforskingsinstituttet

Kva med sjøauren?
Frå Ryfylke (PO 2) til Sotra (PO 3) og frå Nordmøre til Sør-Trøndelag (PO 6)  er det registrert høge lusepåslag på sjøauren. Fra Stadt til Hustadvika (PO 5) var det lite lus.

I Trøndelag er det registrert moderat til høgt påslag, og i Hardangerfjorden og Sognefjorden høgt påslag.

Foreløpig er det ikkje så mykje data på sjøaure på Vestlandet, men ut frå den fisken som er fanga, blir smittepresset vurdert som lavt til moderat frå Nordhordland til Hustadvika.

– Sjøauren er i områda vi overvakar over lengre tid, så her vil det kome meir data utover juni når også lusepresset erfaringsmessig har auka, seier Nilsen.

Også i Nord-Noreg blir det gjennomført ei omfattande overvaking av lakselus på vill laksefisk. Her startar imidlertid arbeidet noko seinare enn i sør, og blir gjennomført på sjørøye og sjøaure ved hjelp av ruse.

– Det skuldast at vasstemperaturen stig seinare på året i nord slik at utvandringa til smolten startar seinare enn lenger sør, seier Nilsen. Resultata frå Nordland, Troms og Vest-Finnmark blir klare til hausten.

Den nasjonale luseovervakinga, NALO, blir gjort på oppdrag frå Nærings- og Fiskeridepartementet og Mattilsynet. Havforskingsinstitutttet leiar overvakinga som blir gjort i samarbeid med NINA og Norce.