Dyrevelferd og lakselus-spreiing til villfisk held fram som dei to største utfordringane til oppdrettsnæringa, slår Havforskningsinstituttet (HI) fast. Og mengda laks aukar på i sjøen – også i dei «raude områda».
Villaksen på Vestlandet (i produksjonsområda PO3 og PO4) er spesielt utsett, skriv HI i sin ferske risikorapport for norsk fiskeoppdrett. I desse områda har det vore høgt smittepress frå lakselus i mange år.
For sjøauren er situasjonen endå meir alvorleg: Den blir negativt påverka av lus i nesten heile landet.
I rapporten er dyrevelferd og negative effektar av lakselus på villfisk trekt fram som dei to største utfordringane til næringa.
– Høg vasstemperatur, meir fisk i sjøen og hyppigare avlusing har forverra situasjonen dei siste åra, seier forskningssjef Mari Myksvoll i ei pressemelding frå HI.
Meir oppdrettslaks enn nokon gong
I fjor vart det også rekordauke i mengde oppdrettsfisk i sjøen. Det er registrert auke i produksjonen i alle produksjonsområda etter at trafikklyssystemet blei innført i 2017, med unntak av i PO1 (Svenskegrensa til Jæren).
– Då vi gjekk gjennom tala over produsert oppdrettsfisk dei siste åra, såg vi ein kraftig auke i produksjonen frå 2024 til 2025 på heile 200.000 tonn, seier Myksvoll – og legg til at det meste av dette er oppdrettslaks.
Auken har skjedd sjølv om det i snitt har stått færre fisk i sjø i 2025 enn i 2024. Det tydar på at oppdretterane har utnytta produksjonskapasiteten meir effektivt enn tidlegare, skriv HI.
– Auken skjer til trass for at styresmaktene i fleire område har pålagt oppdretterane å redusere produksjonen av laks som følge av høge lusenivå på villfisken, seier ho, men vektlegg at den også skjer innanfor eksisterande regelverk og produksjonsløyve.
I PO3, PO4 og PO5 har det óg vore vekst sidan 2017, til tross for at områda har blitt pålagt nedtrekk. Auken i dei tre områda er:
- 15 prosent i PO3 (Karmøy til Sotra)
- 30 prosent i PO4 (Nordhordland til Stadt)
- 32 prosent i PO5 (Stadt til Hustadvika)

Raudt lys med låg effekt
– Mengda lus i dei ulike områda har til dels halde seg stabil, til trass for tiltaka som styresmaktene har gjort gjennom trafikklyssystemet, seier Myksvoll i HI-saka.
– Vi har ant at det må vere ei bakanforliggande forklaring på at luseproduksjonen ikkje er redusert, og trur produksjonsauken er ein viktig årsak.
Hovudmålet med trafikklyssystemet er å bidra til berekraftig vekst i næringa. Dersom det vert for mykje lus i eit produksjonsområde, skal produksjonen der reduserast. I fleire område er det gitt slike pålegg.
– Vi ser no at produksjonen ikkje er redusert slik som forutsetninga var, tvert imot aukar den. Dette er med på å forklare kvifor trafikklyset ikkje har den positive effekta på villaksen som ein i utgangspunktet forventa, seier Myksvoll.
I tillegg ga dei varme somrane og haustane i 2024 og 2025 svært høge utslepp av lakselus. Det førte til auke i lusepåslag, spesielt for sjøauren og sjørøya som oppheld seg i sjøen over lengre tid enn laksesmolten som er på veg mot oppvekstområda i havet.

Lovleg lakseauke
Produksjonsauken heng truleg saman med korleis trafikklyssystemet er bygd opp, trur Myksvoll. Det er MTB’en som blir redusert når eit produksjonsområde får nedtrekk i systemet.
Til trass for at Myksvoll hadde sett for seg at produksjonen i dei tre Vestlands-områda skulle ha blitt lågare, er ho klar på at oppdretterane ikkje har gjort noko ulovleg. Dei har nytta seg av unntaksveksten.
– I trafikklyssystemet er det til dømes reglar som opnar for vekst for nokre oppdrettarar med veldig lave lusetal sjølv om andre oppdrettarar i same område får pålegg om reduksjon, seier Myksvoll.
I tillegg kjem naturlege påverknadar i form av til dømes maneter og algar som det var lite av i fjor, samanlikna med åra før. Dermed er det fleire fiskar som overlever fram til dei er slakteklare. Oppdretterane kan også ha gjort endringar i drifta slik at dei klarar å utnytte meir av produksjonsløyvet sitt enn tidlegare, skriv HI.






