Ein ansatt oppdaga flamme, etter kapping av eit PE-røyr hos Hardingsmolt.
– Det vart i dag varsla brann ved vårt anlegg i Tørvikbygd, på grunn av varmgang ved kapping av eit PE-røyr, og at ein tilsett då oppdaga flamme.
Det skriv Frode Sandven, dagleg leiar i Hardingsmolt, på selskapets Facebook-side, måndag.
Sandven fortel at brannvarsling og evakuering vart iverksett, samtidig som brannen vart slukka med bruk av vatn. Naudetatane vart varsla, men brannvesenet og ambulansen slapp å rykka, då dei raskt fikk kontroll ved anlegget.
– Alt står bra til med folk, utstyr og fisk, skriv Sandven.
Vest Politidistrikt skriv óg om hendinga. I politiloggen kjem det fram at politiet var på staden klokka 11.37. «Det skal ha brunne i eitt oksygenfyllt vassrøyr. Dei har kontroll,» skriv politiet.
Hardingsmolt produserer setjefisk i Tørvikbygd, som ligg i Kvam kommune i Hardanger. Dei har óg smoltproduksjon i Fitjar i Sunnhordland, i lukka anlegg. Selskapet, som er femti-femti eigd av Kobbevik og Furuholmen og Fremskridt Laks, gjorde eit brakår i 2023: Då hadde omsetninga auka med 87 millionar kroner, og driftsresultatet gjort eit hopp på heile 496,4 prosent, sidan 2022.
Les også: – Det er dyrere og mer komplisert å drive lukket, men vi har fremdeles ikke hatt lakselus