I eit lesarinnlegg stiller dagleg leiar i impregneringsprodusenten Steen-Hansen, Ulrik Ulriksen, spørsmål om motivet for at Havforskingsinstituttet går ut med kunnskap om impregneringsmiddelet tralopyril.
Impregneringsmiddelet tralopyril finst i utgangspunktet ikkje i det marine miljøet. No dukkar det opp i dyr. Vi har dokumentert det i laksefilet, blåskjel, krill og svarthå. Frå før er det dokumentert i sediment. Dette meiner vi er alarmerande funn som bør gjerast kjende.
Les også: Tilbakeviser kunnskapshull og advarsler fra HI
For matvaretryggheit held vi oss til grenseverdiar som blir fastsett av EFSA. Det stemmer at eit ekspertpanel i EFSA har sett eit førebels akseptabelt inntak (ADI) av klorfenapyr saman med tralopyril for menneske på 0,015- 0,028 mg/kg. Per i dag finst det øvre grenseverdiar for tralopyril berre for svært få matprodukt (t.d. te), og i ein review av 2023 har EFSA gjennomgått kunnskap som er grunnlaget for å etablere grenseverdi for restkonsentrasjon (MRL) for fleire matprodukt. Kunnskap av restverdiar i sjømat er viktig å få på plass for å vurdere kor mykje laks kan bidra til akseptabelt dagleg inntak (ADI) for tralopyril for alle matprodukt.
Her kan du lese meir om Havforskingsinstituttet sitt arbeid på sjømattryggleik.
I forhold til miljøpåverknad har det foreløpig ikkje blitt sett grenseverdiar for dette stoffet i miljøet. Det er framleis kunnskapshol om tralopyril, og kva konsekvensar stoffet kan ha for miljø og dyr. Men kunnskapsmangel bør ikkje hindre oss i å bruke den kunnskapen vi faktisk har.
Vi veit at tralopyril tilhøyrer PFAS-gruppa, altså ei miljøgift som er uønskt i miljøet.
Les også: Miljøgift frå impregneringsmiddel funnen i laksefilet
Vi veit at tralopyril hemmar funksjonen og energiproduksjonen i mitokondria i cellene, noko som hindrar energiopptak og fører til oksidativt stress. Dette er viktig å vere klar over, for ved uheldige forhold kan mengda tralopyril rundt oppdrettsfisk bli svært høge.
Og no veit vi at det vert teke opp i både oppdrettslaks og ute i naturen – endå konsentrasjonane til no er låge.
Det er viktig at Havforskingsinstituttet går ut med ferske forskingsresultat på felt med kunnskapsmangel. Då er det mogleg for både næring og forvalting å ta omsyn til det vi faktisk veit – og kanskje unngå å hamne i same situasjon som med kopar. For vi har fleire gonger tidlegare også advart mot bruk av kopar – sjølv om Ulriksen antydar det motsette i sitt innlegg.
Heldigvis har bruken av kopar gått kraftig ned, men alternativet som er tatt i bruk ser dessverre ut til også å kunne ha uønskte effektar for dyr og miljø.
Som Ulriksen sjølv nemner i innlegget sitt, så er det viktig at Havforskingsinstituttet sin “integritet og tillit aldri kan trekkes i tvil”, og at forskinga vår er upartisk.
Det stemmer at Netkem, som produserer koparimpregnering, har finansiert forsøksdelen som omhandlar opptak av tralopyril i oppdrettslaks. Når det gjeld utvikling av metode for å undersøke om stoffet er til stades, og analysar av krill, svarthå og blåskjel, så er det finansiert med statlege midlar.
Havforskingsinstituttet har, og skal ha, ei fri og uavhengig rolle i alle faglege spørsmål. I forhold til kontraktar som blir inngått om forsking, tar vi atterhald om at alle resultat, både positive og negative, kan publiserast og gjerast offentleg kjende. I nokre typar prosjekt kan det avtalast at publiseringa kan utsetjast noko, men det er ikkje tilfelle i prosjektet som er omtala her.