Sjømat-næringane bidrar med svært store inntekter til fellesskapen langs heile kysten vår. For eksempel var nesten 1/3- del av dei 30 bedriftene i Sogn og Fjordane som betalte mest skatt i 2022, sjømatbedrifter. Og då er verken produksjonsavgift på oppdrettsfisk eller formueskatt og utbytteskatt relatert til eigarskapen til bedriftene tatt med.
Då Støre-regjeringa hausten 2022 varsla ny grunnrenteskatt (lakseskatt) på 40%, kom det altså på toppen av allereie store direkte pengebidrag til det offentleg. Konsekvensane lakseskatten var svært negative, og det blei stopp i alle investeringar. For å få fleirtal for lakseskatten i Stortinget blei Arbeidarpartiet og Senterpartiet våren 2023 pressa til å senke lakseskatten til 25%.
Høgre var i mot lakseskatten, og stemte mot denne på Stortinget. Dette både fordi vi meinte skattesatsen var alt for høgt, og at innretninga var svært uheldig. Særleg var vi kritiske til normpris-ordninga, som både vil påføre bedriftene og det offentlege unødvendige og store byråkrati-kostnader, og som dertil kan føre til at bedriftene må skatte av inntekter dei ikkje har hatt.
Les også: Høyre vil skrote normprisrådet og kutte den omstridte lakseskatten «betydelig»
Samtidig som vi var svært kritiske til Støre-regjeringa sin lakseskatt, sa vi òg at det var rom for at havbruksnæringa kunne betale noko meir i skatt. Det same gav næringa dessutan sjølv òg uttrykk for, og dei blei skissert ei auke på 3-4 milliardar.
Lakseskatten begynte å verke 1. januar 2023, medan normpris-ordninga tok til å verke 1. juli i år. Næringa har gjort store strukturelle tilpassingar og endringar, men det rår framleis stor uvisse, særleg knytt til normpris-ordninga.
Høgre har heile tida sagt at vi vil arbeide for ei lågare og betre skatteordning for havbruksnæringa, og at vi i dette arbeidet ville lytte til næringa og dei erfaringane dei har hatt dei siste to åra.
Dette har Høgre nå gjort, og i programutkastet vårt kjem vi med fleire positive og viktige grep som vil få havbruksnæringa ut av den vanskelege situasjonen næringa har vore i sidan september 2022.
Mellom anna fordi næringane alt har brukt store ressursar, tid og krefter på å omstille seg til ein grunnrenteskatt, legg Høgre til grunn at næringa framleis skal ha ein nettoskatt. Samtidig vil Høgre redusere dagens skattesats på 25% vesentleg, fjerne normprisordninga og elles legge til rette for ein mindre byråkratisk og kostnadsdrivande ordning. Alt dette vil vere i samsvar med tilbakemeldingane vi har fått frå store delar av næringa, og som altså ser det som ei dårlegare løysing å gjeninnføre ei produksjonsavgiftsordning – etter at lakseskatten ved stortingvalet neste haust vil ha verka i nærmare 3 år.
Forutan å redusere skattlegging av havbruket vesentleg, samt få ei skatteordning som kan fungere, vil Høgre gjere eit nytt og svært viktig grep: Høgre vil fjerne formueskatten på arbeidande kapital. Dette vil ha svært mykje å seie for næringslivet vårt, og ikkje minst havbruket. Som kjent blei formueskatten dobla av Støre-regjeringa, medan Høgre nå altså vil fjerne den.
Regjeringa sin lakseskatt har gjort stor skade på havbruket vårt, og framleis står over 30 milliardar i investeringar på vent. Med Høgre vil skattepresset bli redusert vesentleg, skatteordninga vil bli funksjonell med fjerning av normprisordninga, og formueskatten på arbeidande kapital vil forsvinne.