Saftig skatteauke for Alsaker

Nyheter
0

Alsaker-konsernet fekk eit driftsresultat på 1.182 millionar kroner i 2023.

Med ein omsetnad på tre milliardar kroner (opp frå 2.970 millionar kroner i 2022) gir dette ein driftsmargin på 39,3 prosent. Det skriv konsernselskapet til Alsaker Fjordbruk i ei pressemelding.

Driftsresultatet gikk ned frå 1.212 millionar kroner i 2022, til 1.182 millionar kroner i 2023. Årsresultatet minka frå 964 millionar kroner i 2022, til 580 millionar kroner i fjor.

I 2023 produserte konsernet 36.000 tonn laks, som er litt mindre enn året før. Slaktevolumet gikk også ned.

Etter at norske myndigheiter innførte grunnrenteskatt frå 1. januar 2023 har skattekostnaden i konsernet auka kraftig, frå 21 prosent i 2022, til 50 prosent i 2023. Selskapet oppgir ein skattekostnad på 579 millionar kroner for 2023.

Alsaker er eit vertikalintegrert oppdrettskonsern for lakseproduksjon. Konsernet dreiv i 2023 fire smoltanlegg, 24 matfiskkonsesjonar, slakteri, reinsefiskanlegg og eit havbrukssenter. Konsernet har også eigen brønnbåt og ein stor flåte av servicebåtar. Produksjonen skjer i 14 kommunar i Vestland og Rogaland.

Ved utgangen av 2023 var det 277 tilsette i Alsaker-konsernet.

Alsaker 2023 2022 Endring
Omsetning 3004 2970 1,1 %
EBIT 1182 1212 −2,5 %
Resultat før skatt 1159 1223 −5,2 %
Driftsmargin 39,3 % 40,8 %
Alle tall i millioner kroner