Salma-fabrikken vart lagt på kjøl i fjor. No er Bremnes snart klar med ein nedskalert versjon.

Nyheter
0

Bremnes Seashore vil halda fram med å produsera merkevarer lokalt på Bømlo, trass i endra økonomiske og politiske rammebetingelsar.

I 2023 skulle dei stå klar med ny kjølehall og foredlingsanlegg på til saman 14.000 kvadratmeter ved fabrikken i Kvednavikjo. I staden vart prosjektet sett på hald som ein konsekvens av grunnrenteskatten.

I slutten av april, nærare bestemt i veke 18, vart det likevel nye fabrikklokaler for Bremnes på Bømlo.

Kutta fleire tusen kvadratmeter
Det totale skattetrykket var teikna til å bli veldig høgt, forklarar kommunikasjonsdirektør Simon Nesse Økland i Bremnes Seashore. Det satte ein stans for dei opphavlege planane.

– Etter å ha vurdert situasjonen, valde styret å oppgradera og utvida den eksisterande foredlingsfabrikken, som no vil dekka eit areal på omtrent 4.000 kvadratmeter, skriv han i ein e-post til iLaks.

– Dette er ei nedjustering frå dei opphavlege planane, men vil likevel gjera oss godt rusta til å halda fram med vår langsiktige satsing på produsera høgkvalitets, superferske lakseprodukt, opplyser kommunikasjonssjef Simon Nesse Økland. Foto: Peter Tubaas / Vestland Media

Les også: – Det er p.t. ikke penger til å bygge den nye Salma-fabrikken vår

Han forsikrar likevel om at fabrikken blir ein god arbeidsplass for 70 tilsette, med moderne utstyr og høg automatiseringsgrad. Den utvida fabrikken får ei råstoffkapasitet på 10.000 tonn i året per skift.

Forverra situasjon for foredling
Ifølgje Økland står Bremnes fast ved engasjementet sitt for å produsera merkevarer lokalt på Bømlo, til tross for at det politiske og økonomiske landskapet ser annleis ut no.

– Men når det er sagt: Nedtrekk på Vestlandet og manglande oppfølging av anmodningsvedtak i grunnrenteskattforliket på Stortinget i fjor vår har ytterlegare forverra rammebetingelsane for foredling, skriv Økland, og fortset:

– Me forventar at politikarane følger opp ord og vedtak med å denne våren leggja fram tiltak for aukt foredling av sjømat i Norge.

Les også: Rødt lys ga kroken på døren for Svanøy Røykeri

Dei opphavlege planskissane for bygga som ikkje kom i 2023. Prosjektet hadde då ei ramme på meir enn 400 millionar kroner. iLaks har ikkje fått oppgitt kva utbygginga enda på. Foto: Bremnes Seashore.