André (29) er kvalitetskoordinator hos Alsaker Fjordbruk. Og ny ordførar i Sveio

Nyheter
0

André Mundal Haukås (H) blir den yngste ordføraren i Sveio kommune nokosinne. Det blei klart sist veke.

Det melder både Vestavind, lokalavisa i Sveio, og NRK.

Til NRK seier André Mundal Haukås (29) at det er fantastisk stas å få lov til å bli ordførar i Sveio.

– Det er jo den gjævaste rolla ein kan få som lokalpolitikar, og det set eg umåteleg stor pris på, seier han.

Haukås er oppvaksen i Sveio, og der har han budd heile livet.

– Eg brenn for at Sveio skal vera ein best mogeleg kommune for oss som bur her, og eg har eit engasjement for å få ting til, seier han.

André Mundal Haukås er i dag kvalitetskoordinator hos Alsaker Fjordbruk.