Ny administrerande direktør i Norwell 

Nyheter
0

Snorre Kvammen er tilsett som ny administerande direktør i florøeksportøren.

Han tiltrer stillinga den 1. juni.

Noverande administrerande direktør, Ingrid Kassen, fråtrer stillinga etter eige ønskje. Ho vil imidlertid fortsette i selskapet si leiing i ein funksjon som økonomidirektør, skriv selskapet i ei melding.

Kvammen har vore tilsett i Norwell sidan september 2018, og har hittil jobba med sal og marknadsføring. Han er frå Florø, utdanna siviløkonom og har tidlegare fleire års erfaring frå mellom anna DnB.

Ved den skisserte endringa er det styret i Norwell si vurdering selskapet tek vare på verdifull erfaring, samstundes som ein på leiarnivå blir tilført ny kompetanse og «energi». I eit perspektiv der selskapet skal utviklast til beste for både tilsette, eigarar og forretningspartnerar er det viktig å balansere slike element i einkvar organisasjon.