– Vaskar fire gongar raskare

Nyheter
176

– Vi er glade for å endeleg vere i gong med demonstrasjonar og få vise oppdrettsnæringa og serviceselskap kva den nye ØM Yanmar notvaskaren kan gjere for dei, seier Steinar Holen dagleg leiar i Østerbø Maskin AS. – Vi har testa og optimalisert løysinga for norske forhold i eitt år no. Den nye modellen vaskar omtrent fire gongar raskare enn den forrige.

Internasjonal interesse
Representantar frå både Yanmar Japan og Europa var til stades under demonstrasjonane. Takitarou Osaka er å rekne som «notvaskarens far» og har jobba med dette prosjektet i 14 år. Han ser det som viktig å komme heile vegen til Noreg for å sjå produktet i bruk, sidan forholda er ganske ulike Japan. Slik kan Yanmar sikre eit produkt tilpassa våre forhold.
– Østerbø Maskin er i dag ein av to forhandlarar av denne typen notvaskar i Europa, så potensialet her er stort, seier Holen.

Enkelt vedlikehald
Demonstrasjonane har vore i veke 39 hos Lingalaks AS i Hardanger, der den første eininga i Noreg er i drift.
Svein Inge Henriksen, pilot hos Lingalaks, køyrde vaskeroboten på 120 m spissnøter. Ein jobb som tek om lag to timar totalt. Dei frammøtte ga uttrykk for at dei var fornøgd med det dei såg. Fleire av dei har frå før erfaring med den forrige modellen frå ØM. Gjennomgåande var tilbakemeldingane at dette er ein slitesterk modell som krev lite vedlikehald.

-Trass i dette fekk me ei lita belteavsporing undervegs grunna ein teknisk svikt, fortel Holen. – Dermed fekk vi (ufrivilleg) demonstrert kor kort tid det tar å få sette beltet på plass igjen, ler han.

Tåler straum godt
Henriksen hos Lingalaks, fortel at ein av dei gode eigenskapane han har merka seg er at vaskaren tåler mykje straum i sjøen. Dette er fordi ØM Yanmar brukar eit patentbeskytta system der trykket frå vaskevatnet først driv tre propellar som skyv vaskaren inn mot nettet før det går i dysene.

I tråd med Sintef-rapport
I Sintef sin siste rapport om vasking av not i sjø, er det å føretrekke mindre trykk mot nota for å hindre slitasje. – Det er nettopp der me er gode, fortel Holen. – Ved å ha rutinar der ein vaskar ofte vil ein lett kunne vaske nota med berre 80-100 bar trykk på dysene, og dermed skåne nota for unødig slitasje.

Norskprodusert utstyr for betre HMS
Sjølve notvaskaren blir produsert av Yanmar i Japan, men ekstraustyret som gir det vesle ekstra, blir laga lokalt på Østerbø. Dette er ein viktig del av leveransen og sikrar trygg transport og lett opptromling av slangen. Eit viktig HMS-tiltak sidan operatøren slepp å slite på tunge slangar eller ha desse liggande laust på dekket.
Østerbø Maskin viste og fram ein støysvak pumpeunit som driftar notvaskaren. Denne styrast direkte frå operatørplass.

Oversikt frå operatørplass
Operatøren sin plass under vasking er i stolen med skjermar og joystick. Her er det og oversikt på viktige opplysningar som pumpetrykk, omdreiing på motor, djupne på vaskar, etc. Kamera leverer god bildekvalitet opp til operatøren og gir eit godt innblikk over tilstanden til nota. Det er gode enkle styreknappar der ein kan regulere hastighet på belta, svinge vaskaren etc.

Notvask + leppefisk = sant
Når notvask blir enkelt og grundig, kan du vaske så ofte det trengs. Dermed blir det gode leveforhold for leppefisk som kan konsentrere seg om kampen mot lakselusa.
– Det handlar om å vaske ofte, og da må det gå raskt og effektivt, avsluttar Holen.

Fakta notvaskar
Vaskefart: 1600 m2 i timen
Vaskebreidde: 190 cm
Vekt: ca 500 kg
Ytre dimensjonar: (lxbxh) 1358x2287x874mm