Ferskvatn drep best unge lakselus

Nyheter
695

Sidan lakselus berre lev i sjøvatn, har det lenge vore kjent at dei vaksne lusene ikkje klarar seg i ferskvatn i lengre tid. Dersom fisk med lus sym opp i ferskvatn, dett lusa av etter ei tid og døyr. Det som har vore usikkert er kor godt dei unge lusene har tolt å opphalde seg i ferskvatn og eventuelt kor lenge. Lakselus har åtte utviklingsstadium (nauplius I og II, kopepoditt, chalimus I og II, halvvaksen I og II og vaksen), og det er først når den når kopepoditt-stadiet at den kan feste seg på ein fisk, melder Havforskningsinstituttet (HI).

– Vi utførte fleire forsøk der vi undersøkte kor lenge lakselus overlever i ferskvatn i alle stadia etter at dei har festa seg på ein fisk. Resultatet viser tydeleg at lusa toler ferskvatn dårlegast i perioden rett etter at den har festa seg på fisken, seier Frode Oppedal som er forskar ved HI.

Brukar ferskvatn mot andre parasitter

Frå før blir ferskvatn brukt i behandling mot amøbe, eller AGS (amøbegjellesykdom). Då vert fisken halden i ferskvatn i 3-4 timar. Desse resultata tydar på at under slik behandling kan ein samstundes oppnå god effekt mot lus som nyleg har festa seg på fisk. Dersom ein hadde hatt eit ferskvassbasseng i overflaten av merdane, til dømes i toppen av snorkelen i ei snorkelmerd, er det mogeleg at det kan ha dødeleg effekt på lus som nyleg har festa seg til fisken. Særs effektivt vil det vere om laksen oppheld seg mykje i ferskvatnet dagane etter den har vorte infisert.

– Vi visste frå før at vaksne lakselus kan overleve i ferskvatn i fleire veker. For å oppretthalde saltbalansen i kroppen i denne perioden, grev dei seg mellom anna ned i huda på verten. Det vi ikkje visste noko om, var korleis yngre lus klarte seg i møtet med ferskvatn, fortel Daniel Wright som er  stipendiat ved Universitetet i Melbourne (Australia) og har utført eksperimenta ved Havforskingsinstituttets forskingsstasjon i Matre.

Også i naturen brukar laksefisk ferskvatn til avlusing. Til dømes er det observert at sjøaure sym opp i elvar dersom den har mange lus på seg.

Nesten all lusa vart drepen

I løpet av forsøket undersøkte forskarane overlevinga til fem ulike stadier: kopepoditt, fastsitjande chalimus, rørleg halvvaksen I og II og vaksne.

Når det yngste stadiet, kopepoditt, vart utsett for ferskvatn tok det berre ein time før den slutta å bevege seg og var antatt død. For dei eldre stadia tok det vesentlig lenger tid, enkelte lus klarte seg i ferskvatn i meir enn åtte dagar.

Sidan det er vanskeleg å sjå om ei lita lus er død, vart fisken som hadde lus på flytta tilbake til sjøvatn slik at forskarane kunne undersøke kor mange av dei som framleis var i live.

– Etter at fisken hadde vore sju dagar i sjøvatn, talde vi lus på nytt. Resultatet viste at heile 96 prosent av kopepodittane var vekk etter at fisken hadde vore behandla med ferskvatn i ein time, fortel Tim Dempster, forskar og rettleiar ved Universitetet i Melbourne og professor 2 ved Havforskingsinstituttet.