Tredje generasjon tek over roret i Steinvik

Nyheter
1811

Alex Vassbotten gir seg som dagleg leiar i Steinvik Fiskefarm etter 33 år.

Sunnfjordoppdrettaren får ny dagleg leiar, Erlend Vassbotten (29). Erlend Vassbotten vil starte i stillinga 1. januar 2020.

Alex Vassbotten fødd 1962, går av som dagleg leiar og vil jobbe vidare med utvikling i konsernet, og som dagleg leiar på Stenvik Rensefisk. Spesielt vil utbygging av nytt storsmolt-anlegg i Svelgen ta mykje av tida framover,

Alex Vassbotten har vore dagleg leiar sidan oppstarten av Steinvik Fiskefarm i 1986. Steinvik Fiskefarm har seks konsesjonar i Askvoll og Flora kommune, og eit visningssenter på Steinvik. Konsernet Steinvik har Barlindbotn Settefisk (to millionar smolt), og Steinvik Rensefisk som produserer rognkjeks i Svelgen (3,3 millionar fisk). Her er det og sett i gang bygging av nytt storsmolt anlegg som skal vere ferdig hausten 2020.

Erlend Vassbotten, som no tek over, har ein bachelor i økonomi frå BI i Oslo, og ein bachelor i Havbruksdrift og leiing frå Bodø. Han har vore tilsett i Lerøy Sjøtroll sidan 2013, der han har hatt stilling som lokalitetsleiar og biologisk kontroller sidan 2015.

Inge Vassbotten er styreformann i konsernet, og no blir det tre generasjonar som skal ta konsernet inn i framtida.