Tre rømmingshendingar i region Vest

Nyheter
1615

Det er meldt inn tre rømmingsmeldingar til Fiskeridirektoratet region Vest sist veke.

På Osland sin lokalitet Eidesberget i Høyanger kommune vart det varsla om ei hending i samband med avlusing 30. november.

– Dårleg ver med mykje vind førte til at ein brønnbåt har kome opp på haneføtene (rammefortøyningane til merd-ringen) og ringen har blitt trykt ned, seier seksjonssjef i Fiskeridirektoratet region Vest, Leni Marie Lisæter.

I eit område på fem meters breidde har rekkverket vore under vatn.

Osland har leigd inn eit fiskefartøy for å drive gjenfangst. 30 regnbogeørret er så langt gjenfanga.

Rift i not
I Masfjorden på lokalitet Knappen/Solheim oppdaga Havforskningsinstituttet (HI) ei rift i ei not på 10×10 centimeter på ti meters djupn, i samband med ein rutinekontroll. Fiskeridirektoratet blei varsla 29. november.

– HI veit ikkje korleis skaden har oppstått. Fiskeridirektoratet jobbar med å kartlegge moglege årsaker i samarbeid med selskapet. HI har drevet gjenfangst, men dei har ikkje fanga rømd laks frå sitt anlegg, seier Lisæter.

Rømming frå Lingalaks
På Lingalaks sin lokalitet Tveitnes i Kvam herad har det skjedd ei hending under skifting av not 29. novmember.

– Ved utsett av lodd har nota hekta seg fast slik at det har oppstått ei revne på 2,5 x 1 meter, seier Lisæter.

Selskapet har fått pålegg om utvida gjenfangst og har leigd inn to fiskefartøy. Så langt er 100 laks gjenfanga.

Fiskeridirektoratet har vore på rømmingsinspeksjon på alle lokalitetane.