Tjente over ein halv milliard før skatt

Nyheter
1483

Alsaker-konsernet, som er konsernselskapet til Alsaker Fjordbruk, fekk eit resultat før skatt på 563 millionar kroner i 2018.

Med ein omsetnad på 1.657 millionar kroner gir dette ein resultatmargin på 34 prosent.

Alsaker driv fem smoltanlegg, 23 matfiskkonsesjonar og eit slakteri. Produksjonen i konsernet skjer i 13 kommunar: Bømlo, Etne, Fusa, Kvam, Kvinnherad, Meland, Sveio og Tysnes i Hordaland, samt Haugesund (Røvær), Rennesøy, Suldal, Tysvær og Vindafjord i Rogaland.

I 2018 produserte konsernet i underkant av 33.000 tonn laks, mot 31.000 tonn året før.

«Produksjonsmessig har 2018 vore eit krevjande år for konsernet, men likevel eit år med framgong. Både produksjonsvolumet og slaktevolumet gjekk litt opp samanlikna med 2017. Det er framleis mykje tilveksttap i samband med avlusing av laks. I tillegg hadde konsernet ein del algeutfordringar sommaren 2018,» skriv administrerande direktør Gerhard Alsaker i ei pressemelding.

Bokført eigenkapital i konsernet var ved utgongen av året på 1.268 millionar kroner – noko som gir ein eigenkapitalandel på 57 prosent.