Stiv bot for Marine Harvest på Haukå

Nyheter
1290

I tillegg til bota på to millionar, får verksemda inndrege 10 millionar kroner, melder NRK. Overproduksjonen skal ha skjedd ved anlegget til Marine Havest på Haukå i Flora kommune.

– Bakgrunnen er ei politimelding vi fekk frå fylkesmannen om at det hadde vore for stor produksjon frå 2008 til 2012, opplyser politiadvokat Jørn Lasse Førde Refsnes.

I 2008 blei produsert 280 tonn smolt, i 2009 400 tonn, i 2010 315 tonn og 419 tonn i 2011. Trass i at utsleppsløyvet berre gav løyve til 50 tonn. I 2012 blei det produsert 250 tonn smolt trass i at dei utvida løyve dei hadde fått berre gjaldt inn til 236 tonn.

– Difor så har vi etterforska saka og kome til at det har vore ein slik overproduksjon, og har valt å reagere med ei bot på to millionar kroner. Inndraginga av 10 millionar er basert på skjønsmessig vurdering av kor mykje utbytte vi meiner Marine Harvest har hatt som ein følgje av denne ulovlege produksjonen, seier Refsnes.

– Marine Harvest meiner likevel at det ikkje er gjort noko straffbart og at det såleis ikkje er grunnlag for førelegget og inndraginga. Vi ønsker ikkje å uttale oss ytterlegare om saka før politiet har tatt endeleg stilling til våre merknader, seier Ola Helge Hjetland, kommunikasjonssjef i Marine Harvest