Fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran. Foto: NFD

Skjæran tilbyr angrerett for vekstkjøp etter skattesjokk

Nyheter
0

Nærings- og fiskeridepartementet opnar auksjonspåmeldinga til 6. oktober, og gir aktørane høve til å seie frå seg kapasitet kjøpt til fastpris.

Finansdepartementet sendte i dag på høyring eit forslag til innretning av grunnrenteskatt for havbruksnæringa. Sjølv om utforminga ikkje er endeleg avgjord, kan forslaget påverke aktørane si verdsetjing av produksjonskapasitet.

Les også: Laksekrakk etter regjeringens skatteforslag

 – Ny informasjon om rammevilkår kan gjere at fleire aktørar ønskjer å delta i auksjonen 12. oktober. Derfor opnar vi auksjonspåmeldinga og forlenger fristen for registrering til 6. oktober, seier fiskeri- og havminister Bjørnar Skjæran i ei melding.

Statsråden har også vedtatt å gi alle aktørar som kjøpte kapasitet til fastpris tidlegare i år tilbod om å heve kjøpet mot tilbakebetaling av fullt vederlag.

– Ved å gi høve til å heve kjøp av kapasitet legg vi til rette for stabilitet for næringsaktørane, gitt at det no ligg føre ny informasjon. At eventuelt fråsagd kapasitet blir overført auksjonen gjer at dette ikkje går på kostnad av vekstmålet regjeringa har for havbruksnæringa. Dersom nokre aktørar vel å seie frå seg kapasitet kan dei likevel oppnå vekst i denne runden med tildelingar ved å melde seg på auksjonen, seier Skjæran.

 Dette gjeld både kapasitet kjøpt som vekst på eksisterande løyve, og kapasitet som følgje av særleg god miljøsituasjon – såkalla unnataksvekst. Aktørane står heilt fritt til å sjølv vurdere om dei ønskjer å nytte dette tilbodet, og kor mykje av den kjøpte kapasiteten som eventuelt skal hevast. Det blir altså opna for å berre heve delar av kjøpet. Eventuell fråsagd kapasitet vil bli tilbydd på auksjon i grøne områder.

Auksjonen av nye løyve for oppdrett av laks, aure og regnbogeaure finn stad 12. oktober. Prøveauksjonen er 10. oktober.