Røykelaks-import 11-dobla på ti år

Nyheter
615

Som Nationen skreiv fredag, er eksporten av røykelaks til EU halvert i løpet av dei siste ti åra, medan importen av røykelaks frå EU på same tid er 11-dobla .

Råvara i den importerte røykelaksen er i hovudsak norsk, så tala betyr at Noreg bearbeider stadig meir av den norske røykelaksen til eige forbruk i EU. Fleire av dei importerte røykelaksprodukta er produserte ved norskeigde fabrikkar i EU.

Administrerande direktør Geir Ove Ystmark i Sjømat Norge skuldar utviklinga på tollsatsane, og trur ikkje det går å snu handelsutviklinga utan at tollen vert endra.

– Heile innretninga på tollsatsane dei siste 20 åra har gått i disfavør av norsk bearbeiding og har stimulert til utflagging av industri og reduksjon i bearbeidingsgraden i Noreg. Mange produsentar ser Norden som ein marknad. Bedriftene som lokaliserer seg i Noreg får då høg toll til Sverige, Danmark og Finland, medan dei som etablerer seg i Sverige har tollfridom i heile Norden. Det er ei kraftig stimulering til utflytting frå Noreg, seier han til Nationen.

Gjennom EØS-avtalen er det toll på fiskeslag som laks, sild, makrell, reke, kamskjel og sjøkreps inn til EU. Jo meir bearbeidde produkt av desse fiskeslaga er, jo høgare er tollen. Ubearbeidd laks har toll på to prosent frå Noreg til EU, medan røykt laks har 13 prosent toll. Motsett veg – frå EU til Noreg – er det ikkje toll på fisken.

Han etterlyser politisk vilje til å få til reell frihandel med fisk til EU, og ber stortingspolitikarane gå inn for full frihandel i stortingsmeldinga om handelspolitikk som skal handsamast i haust.

Statssekretær Amund Drønen Ringdal (H) i Nærings- og fiskeridepartementet seier regjeringa gjerne skulle sett tollfridom på fleire produkt enn i dag, men at dei totalt sett er nøgde med den nye avtalen om tollfrikvotar for nokre fiskeslag.

Han meiner derimot det ikkje berre er tollen som bidreg til at meir av bearbeidinga av fisken skjer utanlands.

– Sjølv om handelsvilkår er viktige, så har også kostnadsnivået i Noreg og nærleiken til marknaden i EU betydning, seier Drønen Ringdal.

Les heile artikkelen i Nationen HER