Plany skal levere lønsame løysningar til kundane sine og for å gjere det er kompetanse høgt prioritert. Selskapet har levert løysingar basert på bruk av tekniske tekstilar i over 50 år, og har tileigna seg ei brei erfaring og levert produkt til landbruk, havbruk, maritimt og anna industri.
Oddmund Grøttan har over 30 års erfaring innan havbruk. De siste tre åra har han jobba med sal av utstyr til næringa. Tidlegare har han arbeidd med tradisjonell fiskeoppdrett, derav sju år med merdoppdrett i ferskvatn. Grøttan er 56 år og kjem frå Trøndelag. Han har byrja i ei nyoppretta stilling som områdesalssjef med ansvars for Trøndelag, Nordland, Troms og Finnmark, tillegg til Færøyene, skriv Plany i ei pressemelding.
Spesielt dei seinare åra har havbruk vorte ein stadig viktigare marknad og vil og vere eit satsingsområde framover. Sals- og marknadssjef Kenneth Brandal har sjølv lang erfaring innan havbruk og veit kor viktig det er å kjenne kundane og næringa sine behov.
– Vi skal forstå kvar skoa trykkjer og det gjer vi best med å ha god kjennskap til og kunnskap om næringa, seier Brandal. – Vi meiner at vi allereie er blant leverandørane med best Havbrukskompetanse og med Oddmund på laget har vi styrka oss endå meir. Oddmund har også lang erfaring frå havbruksnæringa og saman skal vi kome endå tettare inn på kundane og brukarane av produkta våre, slik at vi kan utvikle stadig fleire lønsame løysingar.
– Plany AS tek mål av seg til å være en leiande leverandør på sitt fagfelt, og er allereie den leiande leverandøren av ferskvassbasseng til næringa, med over 35 leverte basseng. Noko som har vorte mulig gjennom eit tett og godt samarbeid med kundane og brukarane av produkta, seier Brandal.
Plany har 18 fast tilsette og held til i Gursken i Sande kommune på Sunnmøre. Bedrifta skapar lønsame løysingar til havbruk, landbruk og maritim industri, både i Noreg og internasjonalt.