– Ørna på Alden er ikkje lenger eit problem for Nekst

Nyheter
1544

Kanskje kan ørna på Alden og Nekst spele på same lag?

Nekst kartlegg og søkjer i desse dagar om fem ulike alternative sjølokalitetar for produksjon av laks og aure i område Askvoll og Solund kommune.

Fylkesmannen har utrykt seg negative til ein av lokalitetane med bakgrunn i hekkande havørn. Lokaliseringa av fôrflåten, som Nekst har planlagt å plassere nærare land og meir skjerma for vêr og vind, vil vere om lag 500 meter frå reirplassen til ørna. Havliljene og sjølve oppdrettet vil derimot ha ein avstand på over 900 meter og er difor utanfor den kritiske sona, skriv selskapet i ei pressemelding..

«Nekst tek sjølvsagt alle innspel knytt til natur og miljø på det største alvor og vil innhente råd frå fagleg hald på dei ulike områda og finne ei løysing som både ørna på Alden og Nekst kan leve med», heiter det i uttalen frå selskapet.

– Eliminere behovet for avlusing
Fylkesmannen i Sogn og Fjordane har utrykt seg positivt i høve til Nekst si satsing kor ein tek i bruk ny og alternativ teknologi som kan bidra til å løyse miljøutfordringane i akvakulturnæringa knytt til til dømes rømming og lakselus.

Nekst sine «HavLiljer» er eit generisk utforma havlokalisert merdsystem, som baserer seg på grunnleggjande eigenskapar frå offshore-/subsea-teknologi og norsk oppdrettsbransje.

I samarbeid med selskap som, mellom andre, Marine Construction og ABB, har Nekst utvikla ei patenterbar løysing der merdane med ei dobbel not kan senkast under lusebeltet og bølgjekreftene.

Den korte driftstida, i kombinasjon med dei nyutvikla og patentsøkte offshore-merdane, vil så godt som eliminere behovet for avlusning, samt sikre mot rømming, meiner selskapet.

– Komplett miljøkonsept
Nekst har i heile prosjektet eit gjennomgåande godt samarbeid med kommunane i Sogn og Fjordane, Flora, Askvoll og Solund kommune.

Sogn og Fjordane fylkeskommune har handsama saka fleire gonger, og fylkesordfører Jenny Følling skriv i sin uttale:

«Fylkesutvalet ber om at Fiskeridirektoratet og Fiskeridepartementet medverkar til at det blir tildelt tilstrekkelege med utviklingskonsesjonar slik at prosjektet kan realiserast med full utbygging.»

– Nekst sitt integrerte konsept mellom land og sjø er eit komplett miljøkonsept som igjen vil sikre berekraftig omstilling og eit stort teknologiløft for heile den norske akvakulturnæringa, seier partner i Nekst, Kjell Audun Aasen.

Han peiker vidare på Stortinget sitt ynskje om «Forutsigbar, miljømessig bærekraftig vekst i norsk laks og ørretoppdrett» (Meld St. 16 (2014-2015).

Ørna på Alden kan difor bli ein medspelar for Nekst si milliardsatsing i Sogn og Fjordane, meiner selskapet.