Ny oppdrettsatsing skal hente overskotsvarme frå datasenter 

Nyheter
0

Ein del av planen til prosjektet SjømatStaden på Bryggja i Nordfjord er å hente overskotsvarme frå Lefdal Mine Datacenter tre kilometer unna. 

Planen om å hente overskotsvarme frå datasenteret kom fram i samband med lanseringa av SjømatStaden tysdag ettermiddag. Prosjektet er eit samarbeid mellom entreprenørverksemda Kvernevik Gruppa og oppdrettaren Eide Fjordbruk. Med planar om landbasert RAS-anlegg for framvekst av yngel til ein viss storleik, og flytting av fisken til tette og dermed utsleppsfrie merdar i fjorden utanfor, blir prosjektet lansert som ein del av omstillinga til ei grøn og berekraftig framtid. 

Ein del av den miljøvennlige tankegangen er også å nytte seg av overskotsvarme frå datasenteret.  

Les også: Lovar finansiering, men rammevilkår må på plass

Det er om lag tre kilometer i bil frå Lefdal Mine Datacenter til Kalneset der SjømatStaden er lokalisert. Det er også eit historisk samband mellom dei to stadene sidan anlegget på Kalneset tidlegare vart brukt til utskiping av olivin frå gruva. 

Mogleg samarbeid: Lefdal Mine Datacenter ligg tre kilometer unna Kalneset der Kvernevik og Eide Fjordbruk planlegg storstilt sjømatsatsing. FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

Kjølt ned av fjordvarme
Ifølgje dagleg leiar i Eide Fjordbruk Sondre Eide handlar bruken av overskotsvarme mellom anna om raskare framvekst. 

– Noko av det som gjer at Nordfjord har naturgjevne føresetnader for oppdrett, er at temperaturen i fjorden på det jamne ligg på 12-16 grader. Men temperaturen kan bli lågare om vinteren. Tilfører vi varme, kan vi sikre stabil og gunstig temperatur året gjennom, då vil fisken vekse raskare, seier Eide. 

Les også: God personleg kjemi resulterte i storsatsing 

Utan at han vil konkretisere, nemner han også høve til oppdrett av andre artar enn laks som følgje av tilgang til overskotsvarme.  

– Det aktuelle er artar som naturleg høyrer til i området her. 

Lefdal Mine Datacenter er lansert som eit grønt datasenter der serverane blir kjølt ned av vatn frå fjorden. Det er lagt store rørsystem ut og inn av gruva der sjøvatnet går. Prinsippet er henta frå kjølesystem frå båtar og skalert opp. 

Positiv: IT-gründeren Sindre Kvalheim hadde ideen til datasenter i Lefdal Gruve. Han uttrykte seg positivt til tanken om å nytte overskotsvarme til oppdrett.

Grøn omstilling
Ein sentral mann i utviklinga av datasenteret er Sindre Kvalheim i dataselskapet LocalHost. Han uttalte seg entusiastisk om ideen om overskotsvarme i samband med lanseringa av SjømatStaden. Han uttalte at ein kan spare «ein halv milliard» på straumrekninga ved å hente varme som elles går rett i fjorden.  

Ein som også er positiv er Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V): 

– Vi skal vere med og legge til rette for veksten som skal kome i sjømatnæringa. Vi heiar på utvikling. Men vi må vekk frå tanken om at ting var betre før. Det skal bli betre frå no og framover. Vi skal omstille frå fossil til sirkulær økonomi, til å tenke på nye måtar. Vi skal trøkke til og bli best på det nye, sa Bjørlo.  

Positiv: Stad-ordførar Alfred Bjørlo (V) uttalte seg entusiastisk om grøn omstilling i sjømatnæringa som prosjektet SjømatStaden legg opp til. Ingvill Flo i PwC til venstre. FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD

Satsar i Nordfjord
I løpet av det siste året har Eide Fjordbruk frå Fusa også kjøpt opp Norsk Marin Fisk med to forskingsanlegg i indre Nordfjord og eitt lenger ute i fjorden, i Bremanger. Ifølgje Sondre Eide er det tilfeldig at dei satsar på eit nytt prosjekt i Nordfjord, no i kompaniskap med entreprenørverksemda Kvernevik. 

– Kjøpet av Norsk Marin Fisk gjorde vi fordi dei er langt framme innan forsking på nye fôrtypar. Vi jobbar kontinuerlig med berekraft. Oppdrett av laks er ein av dei mest berekraftige måtane å produsere proteinhaldig mat på. Men vi skal bli endå betre. SjømatStaden er eit nytt steg på vegen. 

Visjonen: Stadsutviklaren, ei arkitektverksemd i Kvernevik Gruppa med sivilarkitekt Vicente Ferrando som drivkraft, har laga skissene til SjømatStaden. ILL.: STADSUTVIKLAREN