Lovar finansiering, men rammevilkår må på plass 

Nyheter
0

Dagleg leiar Sondre Eide i Eide Fjordbruk etterlyser rammevilkår frå myndigheitene som kan få fart på utviklinga av utsleppsfrie oppdrettsanlegg i sjø.  

Eide påpeikar at det ikkje er logisk med gratis konsesjonar for landbasert oppdrett, som er både areal- og kostnadskrevjande, medan det ikkje finst regulativ eller økonomiske insitament dersom ein vil flytte tilsvarande miljøvennlige anlegg ut i sjøen. Sjøanlegg vil ein lett kunne fjerne utan at det står att sår i naturen, til skilnad frå landbaserte anlegg. 

I samband med lanseringa av prosjektet SjømatStaden på Kalneset i Stad kommune tysdag ettermiddag, var Eide tydeleg på at rammevilkår må på plass for at prosjektet skal la seg realisere. Det er snakk om klekking av yngel og framvekst på land, før fisken blir sett i lukka sjøanlegg i fjorden utanfor.  

Les også: God personleg kjemi resulterte i storsatsing 

Tette merdar
– Dette er noko som opptek meg og som myndigheitene må ta tak i. Teknologien finst og er i utvikling, men det er kostbart. Får vi rammevilkår på plass som sikrar ei miljøvennlig og berekraftig utvikling i sjø, vil utviklinga gå raskt, seier han til iLaks. 

Spenstige planar: Illustrasjonane som vart presenterte i samband med lanseringa av SjømatStaden på Bryggja i Nordfjord tysdag ettermiddag var spenstige. Det høge bygget har prosjektnamnet Bølgja og skal innehalde både kontor, forskning og visningssenter. Ill.: STADSUTVIKLAREN

Prosjektet planlegg tette merdar i sjø der ein på same måte som i eit landbasert anlegg kan samle opp ureina avrenning frå fisk og fôr, og la dette gå inn i eit sirkulært system med gjenbruk til gjødsel. 

– Kommunen jobbar for tida med ein havbruksplan. Myndigheitene må få på plass nokre rammevilkår, så er vi klare til å gå i gang med utbygginga. Finansieringa skal vi få på plass, lovar Eide. 

– Vi må utnytte dei naturgjevne føresetnadene oppdrett i Noreg gir, skal vi halde fram med å vere ein dominerande sjømatnasjon. Blir alt flytta på land kan laks produserast kvar som helst. 

RAS-anlegg
Partane ville ikkje gå ut med budsjett for satsinga. Men vi veit frå tilsvarande anleggsutvikling andre stader at det fort er snakk om milliardbeløp. Det landbaserte anlegget blir RAS-anlegg. 

I samband med lanseringa av SjømatStaden heldt også banksjef for bedriftsmarknaden i Sparebanken Vest Nordfjord, Ove Hoddevik, innlegg. Ifølgje innlegget har Sparebanken Vest eit langvarig og godt samarbeid med både Kvernevik og Eide Fjordbruk, og banksjefen verka klar på at dei vil vere med på finansieringssida. Han peika på at prosjektet høver godt inn i strategien til banken i samband med grøn omstilling. 

Eide Fjordbruk har ni konsesjonar i fjordbassenget i Bjørnafjorden-området med utgangspunkt i basen i Hålandsdalen. Verksemda omsette for 812 millionar kroner i 2020, og sit på 50 år med oppdrettskompetanse. Målt i omsetnad er Kvernevik Gruppa eit mindre selskap, men dei har ressursar i form av anleggsmaskiner, byggentreprenørverksemda UNU, arkitektverksemda Stadsutviklaren, samt næringsområdet rett ved fjorden. Det er med andre ord mulig å skape nokre synergieffektar i fellesskapet. Kvernevik Gruppa har vakse til ein stor aktør i nordfjordsamanheng med omkring 70 tilsette. 

100 mål: Maskinentreprenøren Kvernevik overtok det om lag 100 mål store næringsarealet på Kalneset ved Bryggja i 2019, frå olivinverksemda Sibelco. Området vart tidlegare brukt til utskiping av olivin frå Lefdal Gruve, men har lege brakk i mange år. Dei siste åra er det mellom anna nytta til opplag for supplybåtar. FOTO: JØRN-ARNE TOMASGARD