NVE har gjeve Steinvik Fiskefarm i Bremanger kommune i Sogn og Fjordane eit lovbrotsgebyr på 400.000 kroner for brot på konsesjonsvilkår om slepp av minstevassføring og tørrlegging av Riselva.
Tørrlegginga av Riselva var i tidsrommet kl. 16:00 til 18:23 den 21. september 2017.
– Vi ser svært alvorleg på brot på krav om slepp av minstevassføring. Av omsyn til livet i elva skal det alltid sleppast tilstrekkeleg med vatn. Slepp av minstevassføring er ein avgjerande føresetnad for å få løyve til å bruke vatnet frå Riselva til settefiskanlegget, seier Mari Hegg Gundersen, seksjonssjef for NVEs miljøtilsyn for vassdragsanlegg.
Steinvik Fiskefarm fekk løyve etter vannressursloven §8 til vassuttak og regulering av Risevatnet til landbasert oppdrett av fisk i mars 2017.
I konsesjonsvurderinga vart det lagt vekt på at Risevassdraget har ein viktig funksjon for stadeigen anadrom og stasjonær laksefisk. I tillegg har vassdraget regional verdi for ål. I løyvet er det fastsett krav til slepp av minstevassføring. Av konsesjonsvilkåret følgjer det at konsesjonæren skal sørge for at fisken sine vandringsmogelegheiter i vassdraget vert halde ved like.
Steinvik Fiskefarm kan klage på avgjerda til Olje- og energidepartementet, innan tre veker frå mottak av meldinga.